Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Andre pinsedag, 21. mai 2018, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 31. gong på rad, og trekkjer 800 – 900  trimmarar og aktive løparar til bygda.

Det er stas å få Sjur Røte på besøk igjen, seier Lars Olav Larsen frå arrangørklubben.  Røte er ein fantastisk idrettsmann og kjem denne gongen saman med avtroppande trenar for verdas beste kvinnelandslag, Roar Hjelmeset. 

Skarp konkurranse
I fjor stilte 160 løparar til start i aktiv klasse. Ragnar Stølsmark vann herreklassen på tida 22.02  og Vienna Søyland Dahle vann dameklassen på tida 23.35. Urige Buhta har løyperekorden, som er på 19.24.
Det er tradisjon at ein eller fleire idrettsutøvarar av nasjonal klasse vitjar Ølmedal Rundt, som etter kvart kan skilte med ei imponerande liste, bl.a. Petter Northug, Anders Aukland, Odd-Bjørn Hjelmeset, Vibeke Skofterud, søstrene Skjelbreid, Egil Gjelland og Ole Einar Bjørndalen, som har besøkt Ølmedal tre gonger.

Familiearrangement
Folketalet i Imsland blir om lag tredobla under arrangementet, og i start/ mål-området er det liv og røre heile dagen. Dei fleste deltakarane går eller syklar den 7 km lange løypa og avsluttar gjerne turen med grillmat og dessert frå kortreist og tradisjonell kakebuffet på Imsland bygdahus.

Løype i vakker natur
Den 7 km lange løypa er asfaltert og lett kupert og går rundt idylliske Ølmedalsvatnet. Det er innlagt rebusløp langs løypa, og traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar , rullestolbrukarar og barnevogner.

Barneløp
Dei seinare åra har det og vorte avvikla barneløp under Ølmedal Rundt-arrangementet. - Vindafjord IL vil gjerne heia fram og inspirera den yngre garde til aktivitet og idrett, og me er stolte av å ha om lag 100 born på startstreken, seier Lars Olav Larsen. - Me satsar på å sjå fleire av desse under hovedløpet om nokre år.

FAKTA:
Løpet vert arrangert andre pinsedag, 21.mai 2018.
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Ølmedal Rundt har vore arrangert kvart år frå 1988. Deltakarrekorden er 1300.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Drikkestasjon etter ca 4 km, kiosksal ved Ølmedal camping.
Barneløp, trimklasse og konkurranseklasse.
Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassen, dame og herre.
Loddtrekning av premiar i mosjonsklassen.
Profesjonell speakerteneste.
Start familieklasse frå kl 10.30
Start aktiv klasse kl 14.00
Start barneløp kl 14.05

Glimt frå tidlegare år: 

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716