Skribent: imsland

Jazz, funk, disco og blues på låven på Øvregård

Fredag 3.september kl 19.00 blir det musikk og mat på låven på Øvregård. Det blir og muleg å få kjøpt seg noko godt å drikke, både med og utan alkohol.  Det blir musikk frå 2 band: Vaspeland og Loose Swing group som spelar 1 sett kvar. Me får høyra variert musikk, både jazz, funk, disco …

Saman for bygda

Skulen har dei siste vekene hatt «Saman for bygda» som tema. Dei har mellom anna jobba med berekraft, måltid og matsvinn, tradisjonar og lokal matproduksjon. Elevane har intervjua lokale matprodusentar i bygda. Les intervjua nedanfor:

Korleis auka folketalet i bygdene våre?

2 representantar frå Imsland Grendautval har vore på møte på Bjoa. Her snakka dei om korleis ein kan auke folketalet i bygdene, Imsland, Bjoa og Vikebygd. Fleire tema vert nemnde at ein kan arbeida vidare med. Ein treng difor 2 representantar frå kvar av desse bygdene til å arbeida vidare med dette målet. Kvar bygd …

Folkemøte om barnehage- og skulebruksplan

Formannskapet vedtok 13.10 ein ny plan for høyringsprosessen i samband med barnehage- og skulebruksplanen. Det vil bli gjennomført ni folkemøte, eit i kvar bygd. Grunna Covid-19-situasjonen må me ha påmelding på førehand. Påmelding kan gjerast via denne lenka. Her gjeld «første mann til mølla» prinsippet. Dersom dei nasjonale retningslinjene endrar seg vil me sjølvsagt utvide til det anbefalte …

Barnebibel og konfirmasjon

Nytt frå soknerådet: 18.10.20 hadde tre 4-åringar anledning til å vera med på gudstjeneste der dei fekk barnebibelen: Selma Ilstad, Serina Imsland, Lorentz Vigre  Presentasjon av 2020 -21 konfirmanter: Asbjørn Innvær Staurland Konstanse Øvregård Jenny Marvik Johansen Norma Kristine Imsland Beate Innvær Staurland  Bilder frå årets konfirmanter 6 september 2020: Elida Birkeland, Mats Imsland Elise Rønnevik  .Bak Elena Langeland, Ingeborg Birkeland, Jenni Katrin Hansen,Soknepresten …

Høyring Barnehage- og skulebruksplan

Måndag 31.08.20 presenterte Norconsult komplett rapport i samband med barnehage – og skulebruksplan for kommunestyret på Teams. Denne vart sendt direkte på Kommune TV (https://vindafjord.kommunetv.no) – her får de ein grundig gjennomgang, samt spørsmål og svar som kom opp i møtet.Den ligg ute som opptak og kan sjåast når som helst . Meir informasjon her: https://www.vindafjord.kommune.no/siste-nytt/hoyring-barnehage-og-skulebruksplan.475027.aspx?fbclid=IwAR1N_FrE-XdsgyWm5rVltVVP5HAEumhiVQG6vZJe8qYY24CmJj8kxU8fYI0

Informasjon om Barnehage- og skulebruksplanen

Barnehage- og skulebruksplanen er no klar.Norconsult vil orientere kommunestyret om planen måndag 31.august, kl 16.30 Les meir her: https://www.vindafjord.kommune.no/siste-nytt/informasjon-om-barnehage-og-skulebruksplanen.474972.aspx