Folkemøte om barnehage- og skulebruksplan
Formannskapet vedtok 13.10 ein ny plan for høyringsprosessen i samband med barnehage- og skulebruksplanen.
Det vil bli gjennomført ni folkemøte, eit i kvar bygd. Grunna Covid-19-situasjonen må me ha påmelding på førehand. Påmelding kan gjerast via denne lenka. Her gjeld «første mann til mølla» prinsippet. Dersom dei nasjonale retningslinjene endrar seg vil me sjølvsagt utvide til det anbefalte antal som er lovleg.
Norconsult vil delta fysisk i bygdene Imsland, Vats, Vikebygd og Bjoa. I dei andre bygdene deltek dei digitalt.
Du finn meir informasjon HER
Hugs å melde deg på til folkemøtet innan 14.01.21👈