Fevassnuten
Tilkomst og parkering
Ta av frå Saudavegen i Ølmedal og følg Ølmedalsvegen ca. 3 km. Ta inn på Ilstveitvegen og køyr om lag 200 m før du tar til høgre før eit postkassestativ. Køyr til øvre del av tunet på Ilstveitvegen 25. Her kan du parkera eller fortsetja på skogsvegen opp til parkeringsplassen nedanfor Brattaland. Skogs-vegen er bratt og svingete, så her er det best å ha bil med firhjulstrekk og god bakkeklaring. Infotavle står ved parkeringsplassen (Brattaland). NB! Bompengar på skogsvegen – 30 kr, kontant eller Vipps.
Om turen
Rett før tunet på Brattaland tar du til høgre og følgjer merka sti mot Breiaskar. Etter 1,3 km deler stien seg. Gå rett fram mot Øyevatnet, der stien går på sørsida av vatnet og så svingar til høgre mot Fevatnet og Fevassnuten. Om du vil gå ein rundtur, fortset du på framsida av nuten og går via Brattalandsnuten og tilbake til Breiaskar.
Storslagen utsikt på toppen, der du ser Folgefonna, Ulvanosa, Hustveitsåta m.m
Avstand:
Rundtur frå øvste parkeringsplass: 6,5 km
Rundtur frå gardstunet på Ilstveitvegen 25: 8,2 km
Tidsbruk:
Ca. 3,5 timar rundtur
Myrstøl
Turen til Myrstøl startar for mange med å svinge opp langs vegen på austsida av Ølmedalsvatnet. Kjem du nedanfrå, ta av til høgre og inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. Køyr til enden av skogsvegen, parker og gå gjennom bom inn på ny skogsveg. Etter om lag 15-20 min, ta av til høgre opp ein kort sideveg, som tek deg til ein godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet møter du ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon 7 sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, teng du ikke vere i tvil. Nyt freden, stilla , nistepakken og evt hjortebrøl i lia om du er her på hausten.
God tur!
Hustoftstølen og Sellandsnuten
Det er no ferdig merka til Sellandsnuten via Hustoftstølen. Turen startar på øvre sida av vegen ved Skipavåg skiltet når ein kjem frå vest.
Det fyrste skiltet ein kjem til er «Skiljeberget«. Her kan ein velja å gå eit stykke av turen på skogsveg, dette er litt lenger men ikkje så bratt som den gamle stølsvegen. Frå skogsvegen er det merka ein liten avstikkar til utsiktspunktet «Trommenuten» .
Lenger oppe kan ein gå via «Stolane», her er det og flott utsikt.
Det er merka med skilt, piler, maling og vardar.
Det er og sett opp ein del skilt med navn på plasser oppetter vegen.
GOD TUR !!
Lenke til Rogafjell