Fredag 4.mai, på sjølvaste 4H-dagen, arrangerte Hauk 4H sportykveld for medlemene sine.
Medlemene kunne velja seg ein aktivitet å vera med på, og det var instruktørar som styrte alle aktivitetane.
Etterpå var det grillling i "det grøne hjørnet" på skulen, leik og "Mesternes mester" i ballbingen.
Heile 16 av medlemene hadde tatt med seg sovepose og liggjeunderlag for å sova ute under open himmel! Planen var å vera med 4H Norge å setja uoffisiell noregsrekord i å sova ute.
Med friskt mot la medlemene seg til å sova i ballbingen, i 4 grader og med Terje og Steinar til å passa på seg. Utpå natta kom imidlertid regnet, så då var det nok godt å få flytta inn på den varme skulen og leggja seg der.
Smått med soving for dei fleste, men moro likevel!
Tusen takk til dei sporty instruktørane og foreldra som stilte opp og hjalp til!
for Hauk 4H
Bodil Imsland (klubbrådgjevar)