Åsa Mo, Anne og Margunn Birkeland trommar årleg saman til sommarleg vennetreff i Stavanger. Fastbuande og utflytta Imslandsdamer møttest laurdag for fjerde året på rad på restaurant Tango, der damene vert servert lekre rettar med tilhøyrande sprudlande drikke.

Frå venstre: Elsa Ersland, Bodil Imsland, Bjørghild Imsland, Ellen Mo, Margunn Birkeland, Gunvor Svandal, Reidun Staurland, Turid Rønnevik, Randi Hesby, Anne Birkeland, Linda Nordtveit og Elisabeth Staurland.  Åsa Mo og Bente Kjos-Wenjum er ikkje med på biletet.

Me nytta høvet til ein sommarprat med nokre av damene. Her er Fem på Tango:


Bjørghild Imsland

Kva gjer du no?

- Eg studerar rekneskap/ revisjon og er husmor. Bur i nytt hus på Smeaheia, har mann og fire born.

Saknar du heimbygda di?

- Eg saknar naturen og folka. Elles så føler eg ikkje at eg bur i byen. Det er landleg her eg bur, men eg har og kort veg til byen.

Kva meinar du me bør marknadsføra i Imsland?

-  Imponerande at ein så liten plass kan setja opp ein Hakkebakke-musikal. Det er elles godt med tiltak i bygda! Imslandsbuen er flinke til å engasjera seg. Me har hytte i Imsland så eg er ofte på heimlege trakter. Elles så trivest eg godt som ”bydame”.

Kan du skildre Imsland med eit adjektiv?

Heimslig.


Elisabeth Staurland Ilstad

Kva gjer du no?

- Eg er lærar på Mykje skule i Karmøy.

Kva likar du ikkje?

- Bøkling til forrett. Likar heller ikkje lange sykkelturar.

Noko du saknar med Imsland?

- Eg saknar folka der, naturen og Imslandsjøen. Det er veldig fint i Imsland.

Har du eit godt råd til Imslandsbuen?

- Alle dyra i skogen må vera venner.

Og eit adjektiv om Imsland?

Kreativt.


Åsa Mo

Kva gjer du no?

- Jobbar i Aker Solutions, eit oljeserviceselskap.

Korleis er det å vera Imslandsbu i Stavanger. Er det noko du saknar frå landsbygda?

Eg saknar å vakne til sauebjøller og suset frå bekken.

Kva likar du best med bylivet?

Eg likar det meste. Stavanger er ein sjarmerande by med kort veg til det meste. Det er flotte turområde rett i nærleiken.

Har du eit adjektiv om Imsland?

Idyllisk


Elsa Olaug Ersland

Kva gjer du på no?

Eg spelar kornett i Kvernavik Janitsjar 2010, og så er eg lærar på Randaberg barneskule, i 3. klasse.

Kva likar du ikkje?

Store butikkar.

Kva vil du helst bli spurt om?

Shoppingvanar.

Kan du fortelje om shoppingvanane dine?

Eg tek bussen til byen for å møta til sjampamjelunsj. Så har eg kanskje eit kvarter til overs og nyttar det gjerne til shopping. Mottoet er : Det er viktig å få noko i posen. I dag for eksempel kjøpte eg nye solbriller.

Kva saknar du med Imsland?

Lat meg sjå: Venner har eg no fått på Facebook og hytta står jo i Imsland. Eg er forresten veldig for Rogfast! Saknar eigentleg ikkje så mykje – det må i tilfelle vera familien.

Kva er ditt adjektiv om Imsland?

Wonderbar.


Anne Birkeland

Kva gjer du no?

- Eg er leiar på NAV Madla.

Noko du mislikar med livet i byen?

- Køen i Tjensvollkrysset.

Når eg seier Imsland, kva tenkjer du då?


- Då kjenner eg at eg byrjar å puste med magen. Fantastiske turområde, kjekke Tango-jenter, fred og ro, Imslandsjøen og fjella….

Kva er det beste med byen?

- Her i Stavanger har du alt – alle tilbod – og likevel kort veg til fjord og fjell. Det er til og med Imslandsbu her.

Har du noko du vil dela med Imslandsbuen?

- Eg fekk pengar att på skatten i år. Kanskje nokon har tips til kva eg kan bruke dei til?

Og adjektiva dine?


- Vakkert og idyllisk sa ho, akkurat i det desserten vart servert:


Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716