Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


«Solå snur og dagen tar, den som trur har fått sitt svar...», syng Lasse Staurland, utflytta imlandsbu som har slått seg ned i Tysvær.

Saman med bandet FemFemten har Lasse nyleg gjeve ut sitt første musikkalbum. «Solå snur», ein vakker julesong om tvil, det å vera einsam og håp, ein song som kan bli denne julas favoritt. Kanskje er den musikalske sida av Lasse ukjent for mange? Her fortel han litt om bandet sitt og vegen til musikken.

Kan du først fortelja kva er "Femfemten"?

- "FemFemten" er eit band som spelar sjølvlaga musikk i folkrock-sjangeren. Me opererte tidligare som eit coverband og skifta på hausten 2008 namn frå ”Prøv Sjølv”, som vart etablert i 2004. Under dette namnet gav me ut demo-cd’en ”Rondt”, som vart populær og ganske raskt vart heile opplaget på 450 eksemplar solgt.

Me bur alle i Tysvær langs riksvegen 515 mellom Grinde og Espevik, derfor namnet "FemFemten", og me har øvingslokale i eit 150 år gamalt hus i Skjoldastraumen.


Kva speler de? Skriv de låtar sjølve?

- Me spelar alle slags musikk, til dømes Vamp, Bjørn Eidsvåg, irsk musikk og meir rocka låtar som Ingenting, John Fogerty og så vidare.Dei siste to åra har tida gått med til våre eigne låtar, noko som har vore og framleis er utruleg kjekt og inspirerande. Å byggje opp låtane steg for steg og å få til eit sluttresultat som folk likar gir ein god følelse.

Me gav ut vårt første album ”SJARM ALARM” den 25.november i år. Albumet er spelt inn på Voss og produsert av Lars Kåre Hustoft. Litt snikreklame... Cd’en kan kjøpast på forskjellige nettstader som, til dømes, itunes, musikkonline og andre.

- Viss noen vil ha cd-plata i handa, så kan eg fikse det - ta kontakt!

"Solå snur" er ein julesong utan tusen julelys, nissar eller englar... Kven si historie er i denne songen?

- Solå snur blei laga etter at me fekk ein førespurnad frå presten i Tysvær om me kunne vere med på ein julekonsert i Skjoldstraumen kyrkja i fjor. Det sa me ja til, og då kom ideen om å laga ein annleis julesong.Historia i songen handlar om dei som ikkje har det så bra denne julekvelden. Det er ikkje alle som har julefeiring og julehygge med familien rundt seg.

Kven har skrive låten?

- Ole Ben Pedersen skreiv låten same kveld, eg mottok teksten dagen etter på mail og lagde ein melodi iløpet av noen dagar.

Kven er jenterøysta me høyrer i songen?

- Det er dottera mi, Emma Staurland. Me var omtrent ferdige med å spela inn låten då Lars Kåre Hustoft, produsenten vår, seier at låten manglar noe. Han ville ha inn ei ung jentestemme. Emma, tenkte eg, sidan ho er vand med song og teater. Så då køyrde eg og ho ein dag opp til Voss og song dette inn, noe som eg syns, og mange andre, løfta låten. Under releasekonserten var også yngstedottera Sofie med og kora på songen, og besteforeldra og fleire i salen hadde vanskar med å halde tårene borte. Det var ei magisk stund!

Koss fann du vegen til musikken?

- Song mykje i barndommen. Helst i dusjen og på do. Eg har eit minne om at synginga mi irriterte mine søstrer. For å seie det slik, eg trur ikkje dei hørte noe talent i meg. Eg og var med i musikk-korpset i Imsland i rundt ti år og lærde mykje der! Men eg slutta då eg flytta til Sauda og begynte på skule. Eg fekk plutseleg lyst å spela gitar i tjueårsalderen. Med stor tålmod fekk eg dette til. Då blei det mykje speling for meg sjølv, vågde ikkje å spele for andre, men barrieren slo sprekker, og eg torde meir og meir. Fekk så spørsmål om eg ville vera med å spela ilag med ein gjeng som øvde kvar onsdagskveld, fekk beskjed om att dette var på amatørstadiet og at spelinga berre var ei avveksling frå det daglige. Mottoet var "dette gjør me på gøy". Det blei eg med på, og me fekk det til å svinge sånn bobbob noenlunde....

Me blei spurt om me ville spela til dans, og bandet ”Prøv Sjølv” blei stifta. Namnet blei etter kvart skifta ut med FemFemten etter at me starta på innspeling av CD'en. Var mange meiningar og diskusjonar då, men fann ut av det til slutt. Mottoet til ”FemFemten” er likt som for “Prøv Sjølv”;  " - dette gjør me på gøy".

- Eg er veldig glad for det tålmodet både eg, og ikkje minst Heidi, kona mi, hadde. Syns det var veldig stas når eg fekk til å flytta fingrane på gitaren, fekk til akkordskifte utan pause imellom.Slik har det liksom vore, du forbetrar deg heile tida, du strekkjer deg til noe nytt, set deg nye mål. Og når resultatet i dag er eigne songar som me har fått ut på CD, og får stå på scenen og framføre, så er det vanvittig kjekt og inspirerande.

Høyr julesongen her

Tekst: Aurelija Hustveit

- Eg bur på Brattestø mellom Grinde og Skjoldastraumen, er gift med mi kjære Heidi og har tre barn Emma, Jonas og Sofie. Eg jobbar på Statoil Kårstø innan vedlikehald. Akkurat nå driv me med og bygger hus, og håpar på å vere inne i løpet av januar månad, seier Lasse Staurland, nå aktuell med sitt første plateslepp.

Besetninga i bandet er Lasse Staurland vokal/gitar og låtskrivar, Anders Lindanger elgitar/munnspel/mandolin/trombone/kor og låtskrivar, Stig Hop el.gitar/vaskebrett/kor, Stig Arild Helgesen bass/tuba/kor, Årdin Andre Lindanger gitar, Nils Magne Sæbø trommer, Rune Hervik tangentar. Ole Ben Pederen er tekstforfattar og manager, sidan han ordnar og organiserer det meste.

 

 

 

 

 

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716