Kategori: Aktuelt

Sorg’s Diktpost 2

Dei kjem som ei åsgårdsreinår dei bylivet gjeng lei.Dei klappar på sauog dei jagar på stut.Men kva er no igjen etter dei?Jo, det som ikkje kan vaskast med klut!  

Nye benker

Du har kanskje lagt merke til at det er komme nye fine benker utanfor Bygdahuset? Bygdahuset har kjøpt inn fleire benker slik at ein no slepp å køyre bygda rundt for å samle isaman når det skal vera store arrangement ved huset. Takk til Tore og Torstein Øvregård som køyrde benkene på plass! Helsing styret …

Kråkevisa av Sorg på Rogletveit

Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge har laga ein versjon av den kjende Sveio-visa Kråkevisa. – Eg interesserer meg for folkemusikk og lokalhistorie, seier Sorg, Ølmedalsgut og musikar med platekontrakt i eit stort selskap i Tyskland.Sorg var Årets «band» i det største musikkmagasinet Scream i 2008, og fekk terningkast 6.Sorg si Kråkevise, der han forøvrig spelar alle …

Fast fisk i Kvaløy

Det var folksomt på Kvaløy-kaien i dag, då den årlege fiskekonkurransen gjekk av stabelen.

Trimturar 2013

Her finn du oversikt over årets turar, som er merka og tilrettelagt av Imsland Bygdekvinnelag. God tur til Trommenuten, Rindanuten og Hestskar  

Opning av sandvolleyballbanen i Imsland!

Fredag 31. mai blei den nye sandvolleyballbanen i Imsland opna.Banen blei påbegynt i 2012 og stod ferdig til vinteren. Flott dugnadsinnsats har gjort at me har fått ein solid bane med internasjonale mål.Den er på 14×22 meter med sand av topp kvalitet (sanden er lik den  som blei brukt under VM i sandvolley i Stavanger …

Helge sprang raskast i år

Med tida 27.15 vart Helge Hummervoll den raskaste Imslandsbuen i år, berre 5.52 bak vinnaren, Anders Aukland. Kun 4 superlokale sprang løypa rundt vatnet i år: Håvard Ersland kom i mål på tida 30.15, Torjus Imsland sprang på 33.50 og Johannes Staurland på 34.03. 78 stk stillte i barneløpet, som gjekk av stabelen for tredje …

17.mai 2013

Her finn du svar på årets rebus og nokre blinkskot frå feiringen i Imsland:

Stålinnsamling

Det blir også i år metallinnsamling. Metallet kan leverast på same plass som i fjor på venstre side av vegen på eigedomen til Anette og Bjarne. Det er kun metall som kan leverast, og det må vera fritt for gras og jord. Innsamlinga varer til 1. august. Ev. spørsmål kan stillast til Bjarne tlf. 481 …

Avslutning av dåpsskulen «Den store skattejakta» 14. april.

Som ein del av trusopplæringa har sokneråda i Vindafjord sett i gong ein dåpsskule for 6- og 7-åringane i kommunen. Dåpsskulen er kalla «Den store skattejakta» og er leia av Berit Stople og Lillian Eikeland. I  Imsland har dei hatt 4 samlingar i kyrkje og bedehus, og avslutninga vart lagt til familiegudstenesta 14. april.