Skribent: imsland

Har vore dugnad på kyrkjegarden

Det var ein god gjeng som rydda på kyrkjegarden, både Soknerådet men og frivillige. Det vart brukt krafser, brakjesakser, river, gaffler og malerkost.Ved godt mot gikk alle til arbeid og kaffepause.Helsing Soknerådet   

Bygdekvinnelaget har hatt årsmøte

Styret tok gjenvalg: Anita Øvregård, Marita Staurland og Sølvi Staurland vart valde for 2 år. Kristin Hansen, Gudrun Dyrset og Bente Kjos-Wenjum vart valde for 1 år. Gudrun vart vald som leiar.  Laget har fått mange nye medlemar i løpet av det siste året; me har auka frå 15 til 33! Me satsa på to …

Imslands-elevar på bærtur

Elevane på Imsland skule er så heldige å ha ein stor blåbæråker i gongavstand frå skulen. Fredag før haustferien fekk alle dei 27 elevane på skulen koma opp i åkeren og eta og plukka så mykje dei berre ville! Det bugna framleis av søte, store bær på buskane, og den rause eigaren, Guri Hustveit Nordbø, kunne …

Gullkonfirmantar, Imsland 2016.

Årets gullkonfirmantar:Frå venstre: Liv Imsland Gulbrandsen, Bjarne Emil Torsteinbø, Liv Norunn Hustveit Bakkedal og Bodhild Åsland Hustveit.Dei andre i kullet: Bjarte Skipevåg, Kitty Marie Hustveit Sletteland, Kåre Finnvik (død) og Gunnar Martin Torsteinbø (død).

Konfirmantane i Imsland 2016

Biletet er teke før konfirmantfesten på bedehuset tirsdag 26. april.På biletet: Merete Imsland Birkeland, Nina Rønnevik, Sofia Hustveit, sokneprest Harald Eintveit, Emil Haugland Rønnevik, Oskar Marvik og Eivind Langeland.{gallery}konf16{/gallery}Konfirmantane i Imsland 2016 Biletet er teke før konfirmantfesten på bedehuset tirsdag 26. april.På biletet: Merete Imsland Birkeland, Nina Rønnevik, Sofia Hustveit, sokneprest Harald Eintveit, Emil Haugland …

Angåande kommunesamanslåing

Det nærmar seg frist for høyring angåande alternativ for kommunesamanslåing. Alternativa er: 0-alternativet = Vindafjord kommune held fram som ein kommuneVE = Vindafjord og Etne kommuneVESS = Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal kommuneMe i grendeutvalget vil gi ei tilbakemelding på dette og har du ei meining om det vil me gjerne høyre den. Frist for …

Bygda i bevegelse

Nytt frå Imsland Bygdekvinnelag: Norges Bygdekvinnelag støttar oss med 8000,- i prosjektmidlar for å gjennomføre «Bygda i bevegelse» i Imsland. Planen er at me skal arrangere fire turar i løpet av året, knytt til dei 4 årstidene. Alle er velkomne til å bli med på tur, og mat kjem til å vera ein viktig komponent på minst to …

Damene i Imsland er invitert på fest!

No skal alle damene i Imsland over 18 år ha mottatt invitasjon til fest! Viss du ikkje har fått invitasjon – eller veit om nokon som manglar – er det veldig fint viss du tek kontakt med ein av oss i bygdekvinnelaget. Og så var det klokkeslettet: festen startar kl 19.30

Utdeling av fireårs-bok

I gudstenesta søndag 18.10 var det utdeling av fireårs-bok. Vi har tre fireåringar i Imsland i år, men berre Oliver Marvik Johansen hadde høve til å møta. Det var litt skummelt å gå opp til presten åleine, så han  fekk fylgje av søster si.  

Gullkonfirmantar 2015

Søndag 20. sept var det festleg samvære i Vikedal for gullkonfirmantane i heile prestegjeldet. Frå Imsland møtte frå v.: Osmund Andreas Ildstad, Norvald Teodor Liabø og Martin Aksland. Dei andre i kullet var Bjørn Wåga, Reidar Bratteland, Lars Bjørn Rønnevik og Torjus Frøvik som er død.