Skribent: imsland

her er eit samandrag

«Ut på tur 2020», Koronatiltak

Sentrale styresmakter har sendt ut melding om at me ikkje nå skal røre turkassar, turbøker og kodekort. Me oppmodar alle til å bli med på denne dugnaden om ikkje å skrive seg inn i alle dei ulike turbøkene som er utplassert i kommunen.«Ut på tur 2020» i Vindafjord har difor ikkje lagt bøker i turkassane. …

Soknerådet 2019 – 2023:

Leiar: Jolaug KaldheimNestleiar: Liv Hoff ImslandKasserar: Steinar ÅsheimFellesrådet:  Åse Vigdis RønnevikLars Berge RønnevikSoknepresten TsegayesusSekretær: Marita Kvitno Staurland Varamedlem: Anette Klungtveit  Leiar for konfirmant fotogrupper: Jan Nortveit 

Juleførebuingar på valgdagen

Imsland bygdahus prøver på nytt å plante julegran ved bygdahuset. Det er eit mysterium kva som skjedde med det forrige treet – men det vart iallefall halvert ei mørk vinternatt. Den nye grana kjem frå Krutle, og her er Erik Nordtveit Åsheim og Espen Nordtveit i sving med plantingen. 

Konfirmantar anno 1969

50 års-konfirmantene var samla i Imsland sist helg. Dei vart konfirmerte 11.mai 1969. Frå venstre på bildet: Berit Hustveit Heggelund, Ingunn Marie Øvregård, Henry Gunnar Hustveit og  Inger Karin Hustveit Nybru. 

626 deltok på Ølmedal Rundt 2019

Ølmedal Rundt-gjengen leverte nok eit flott arrangement i dag. Det var mykje folk i start/ mål-området og god stemning i det fine vårværet. Totalt 626 stillte til start der 122 sprang i aktiv klasse, 80 deltok i barneløpet og 417 gjennomførte i trimklassen.   Maryna Novik vann dameklassen på tida 24.40 og Henning Mæhle vann herreklassen med …

Landbruket sin heiderspris til Anita Øvregård

 (Foto: John Gunnar Skien / Fylkesmannen i Rogaland) Klikk her og les heile artikkelen på nettsida til Fylkesmannen i Rogaland

Nytt frå bygdahuset 2019

Formann i representantskapet er Morten Svandal. Styret i bygdahuset 2019: Formann: Bodil ImslandNestformann: Erik ÅsheimSekretær: Marie ImslandKasserar: Elida Serine VikreStyremedlem: Espen Nordtveit Nytt kontonummer til trimrommet: 3244.66.00175For kr 1000,- kan du trimma kor mykje du vil i eit heilt år – og du betalar medlemsavgift for kalenderåret.