Skribent: imsland

Ølmedal Kraft produserar straum

Onsdag 10. februar kom kraftstasjonen ved Hustveitelva på nett. Stasjonen er ikkje offisielt opna ennå, men går på minimum effekt no i ein oppstartsfase i samband med prøvedrift og testing. – Det er ein milepel for oss som er involverte, seier Per, og fortel at det har teke 12 år å realisere prosjektet. Produksjonsestimatet er  …

Skiglede i Imsland

Me har hatt ein uvanleg snørik vinter i Imsland i år – til glede for mange og sikkert til bry for somme. Bildeserien under viser små og store som kosar seg i snøen på Øvregard ein fin fridag i sist veke.

Imponerte på UKM

Gruppa IceBreakers gjorde eit svært godt inntrykk under ungdommens kulturmønstring, UKM, som gjekk av stabelen fredag 5. februar. Dei unge musikarane hadde valgt ein skikkeleg klassikar og det svinga i salen då dei drog i gang Queen sin legendariske Bohemian Rhapsody.  Nær 60 ungdommar deltok i mønstringa, og ein bortimot fullsett sal på Ølen samfunnshus …

Gamaldags vinter

Ein lesar har sendt oss dette koselige biletet av gamaldags vinter med hest og slede langs rv 46

Idrettshall for Imsland, Vikedal og Sandeid

Idrettshall for Imsland, Vikedal og Sandeid Ei engasjert gruppe har lenge arbeida for å realisera idrettshall for Vikedal, Imsland og Sandeid.  – No er det endelig klart for å setja i gang, seier Nils Erik Eide, som er ein av eldsjelene bak prosjektet. Økonomi og finansiering Kostnadane med å byggja idrettshall er berekna til 15 …

Arild Ersdal – ein av tjue millionar i Shanghai

Etter nærare to eventyrlege år i Shanghai vil Arild Ersdal med sambuar Lars Aalgaard Kingsrød nå venda nasen heimover. Frisk luft, stillheit, fiske og fjellturar heime er noko han saknar mest, men opphaldet i Kina kallar han for ein sjanse han berre måtte ta, ei moglegheit han ikkje tregar på at han sa ja til. …

Imsland i vinterdrakt

Det er silkeføre. Fullmåne. Gnistrande vintervær.

SNØ!!!

Imsland vakna opp til ei kvit verd i dag – søndag 20.desember. På mindre enn 1 døgn kom det omlag 1 meter snø. Me går mot ei kvit jul!På bilda under her kan du sjå korleis det såg ut i Ølmedal søndag føremiddag: Blå Caravelle Inngangsparti i byggefeltet Buss-skuret i Ølmedal Vikedal Mur og Anlegg …

Stemningsfullt i Imsland kyrkje

Å syngje jula inn er ein fin tradisjon rundtom – og slik er det i Imsland og. Søndag fekk me vera med på allsong og høyra flott musikk frå «scenen». Ingrid Marie gjer ein kjempegod jobb som musikkskulelærar, og me har eit godt tilbod her i Imsland! Her er glimt frå programmet til kulturskuleelevane:

Kva skjer i Imsland i 2010

Kan du sjå i framtida? Eller tippa på kva som kjem til å henda det neste året? Her er spørsmåla me vil ha svar på: 1.    Det er berre eit par år sidan isen på Byrkjelandsvatnet var meir enn 40 cm tjukk, og låg til slutten av april. Vert det skøyteis på Byrkjelandsvatnet, dvs minimum …