Skribent: imsland

Nå er nok eit Ølmedal Rundt gjort unna. Heile 1030 deltakarar totalt sett stilte opp.

Nå er det jo slik at me ofte samanliknar år for år kor vellukka alt har vore, og me kan stort sett sei at det alltid har gått bra. Trur likevel at årets arrangement må vera toppen til nå, sjølv om me gjekk tomt for medaljar. Alt klaffa 100% med tidtaking, påmeldingar, speaker og alt …

2010 er havreår

Imsland Bygdekvinnelag markerte havreåret med å spandera havresuppa til alle som ville ha på Ølmedal Rundt. Petter Northug var ein av mange som ville smake. Det ser ut som om han likte både bygdekvinnene i Imsland og havresuppa.

Ølmedal Rundt 25 år

Ein strålande opplagt Petter Northug gjesta Ølmedal i dag. – Målsetjinga er å klara tida til Odd-Bjørn Hjelmeseth. Klarer eg det og ein tredjeplass er eg strålande fornøgd sa Northug før løpet. Vindafjord IL står bak arrangementet, som dreg «fullt hus» i Imsland, år etter år. Lars Olav Larsen er general, og har med seg …

Hipp Hipp Hurra for 17.mai

Flott feiring av nasjonaldagen i Imsland Bildereportasje frå feiringa: Torunn og Hege i eit av «sluttspela» i spikerkonkurransen Nils Erik har mange strengar på spela på. Her avsluttar han talen med Eidsvåg-musikk. Korpset førebur seg i garderoben Anne Gro er klar for toget Korpset gjer seg klare til å toge rundt nullen Turid med stortromma …

Stinn brakke

Det var «tjokfullt» av folk då Krambua opna dørene himmelspretten.Butikken var fyllt opp med allslags lopper, og her var noko for einkvar smak. Lefser, potetkaker, kanelbollar og anna freistande heimebakst fekk og bein å gå på, og folk koste seg ilag inne i kafe-kroken eller på uterestauranten. Det vart og føreteke offisiell opning av STIEN. …

Hallvard Finnvik på 5. plass i sitt første Rallycrossløp.

Team Innante frå Ropeidhalvøya og Imsland stiller i år med to bilar i Rallycross nasjonal klasse. Ivar Finnvik byggjer ny Volvo 242, denne bilen blei ikkje klar til løpet i Vikedal 17.04.Men broren Hallvard sin Volvo blei heldigvis klar.  Hallvard kjørte Bilcross i fjor, og vant Vestlandsmesterskapet. I år køyrer han Rallycross nasjonal klasse opp …

Ein lærar utanom det vanlege

Ingrid Marie Dale (52 år), superfrisk lærar på Imsland skule, overnatta i snøhole utanfor skulen. Elevane på skulen laga ei stor snøhole som dei utfordra læraren sin til å overnatta i. Ingrid Marie bur i Gjerdesdalen i Vats og har tidlegar synt seg å vera ein skikkeleg friskus. Nyleg overnatta ho på ein holme ute på …

Lite søvn og mykje kos

4H-klubben hadde medlemsmøte på Bygdahuset sist fredag med gjennomgang av oppgåvene og klubbframføring. Utpå kvelden dekka me eit fint festbord og koste oss med taco og kake til dessert. Medlemane fekk tilbod om å overnatte, og gymsalen vart gjort om til ein  kjempestor sovesal der 25 medlemar overnatta. Mykje kos utover natta med knask, spel …

Therese Kvaløy: Ung trenar

Ho er inne i sitt andre år ved idrettslinja på Sauda vidaregåande  skule, er avløysar i helgene og har volleyball som hobby. Den siste dyrkar  ho ikkje berre som ivrig spelar sjølv, men og som trenar. Då volleyballglade  imslandsjenter i fjor haust spurte om  ho ville vera trenaren deira, tok Therese  Kvaløy (17) på seg …

Mykje hjort langs vegen

Det er framleis full vinter med mykje snø – og hjorten trekkjer til mateplassar langs vegen. Redaksjonen har fått melding om påkøyrt hjort i Hogganvik og i Kvaløy. Vegvesenet har no sett ned fartsgrensa ved mateplassen som ligg mellom Øvregard og Kvaløy. Oppfordringa før helga er altså: Køyr forsiktigt og set ned farten der du …