Skribent: imsland

Ein fiskeopplevelse av dei sjeldne

Mathias, Emil og Lena Rønnevik var på fisketur saman med farmora, Audhild i dag.Dei prøvde fiskelukka på flytebryggja i Skipavåg, men dei fekk diverre ikkje fisk, og tok ein matpause.Etter ei stund skjedde det som gjorde dette til ei god fiskehistorie. Ein aure på ca 600 gr. rett og slett gjorde eit hopp, og landa …

Triksa seg nesten til London

Norway cup er verdas største fotballturnering. Gjennom heile turneringsveka arrangerer Statoil triksekonkurranse for å kåra den beste triksaren på sletta. Premien er mellom anna tur for to til London og billettar til kamp på Old Trafford. Helge Hummervoll spelar på Ølen G14, og var ein av fire gutar som stod att før finalen.

Vedtaka frå soknemøtet om bedehusa.

Det var halde soknemøte etter gudstenesta søndag 8.august for å diskutera framtida til bedehusa i Imsland. Her vart gjort følgjande vedtak:

Imslandsbuar på Stølstreff på Eikemo

Etter ei kjekk og triveleg helg på Stølstreff på Eikemo kunne Åsvald Imsland reise heim med førstepremie i staurbering, Ingunn Lise Espevold med andreplass i Åkrafjordmeisterskap i Mjølkespannkasting og Anne Karin Hustveit med tredjeplass i same grein. Det var bra syns me. Stølstreff på Eikemo kan anbefalast, det er ei helg med god mat, dans på …

Bedehusbasaren ved Imslandsjøen

Tirsdag 20. juli var det på nytt bedehusbasar ved Imslandsjøen. Både feriegjester og bygda folk møtte mannsterkt opp, slik at huset etter kvart vart fullsett.Gevinstane var mange og loddsalget gjekk livleg. Overskotet vart vel kr. 16.500,-, noko som må vera ny rekord for denne tradisjonelle basaren.Soknerådet takkar alle som bidrog med gevinstar, med kaker til …

Populær festival

Omlag 8000 besøkte Rootsfestivalen i Vikedal dette året, og fekk servert ei rekkje strålande musikkopplevingar. Dubliners og Marit Larsen trekte eit par tusen tilskodarar fredagskvelden, medan omlag 4000 høyrde Jethro Tull og Minor Majority i hovudteltet laurdagskvelden. Mange hadde og funne vegen til båthamna fredag og spesielt laurdag føremiddag, der mellom andre Jonas Fjeld, Valkyrien …

Først i verda!! Gjennomslag Vågaåna Kraftverk.

Onsdag 7. juli kunne karane frå Norhard juble då borekrona kom ut i dagen. Dei hadde då bora 730 meter, stigande frå 30 gr til 50 gr, og treffpunktet var rein innartier. Les meir hjå Norhard Boringa av øvre og lengste del av vassvegen til Vågaåna Kraftverk er eit pionerprosjekt. Det har aldri før vore …

Strålande utsikt frå Øspehaugen

Lars Staurland har merka turløype som endar på Øspehaugen. Turen startar ved gjerdeklyvar på høgre side av vegen som går til Imslandssjøen, eir par hundre meter nedanfor avkøyrsla til Bjortveit.  Her er godt merka løype, og det tek ca 15 minuttar gjennom skogen. På Øspehaugen kan du setje deg på benken og nyte utsikta over …

Sprudlande vennetreff

Me nytta høvet til ein sommarprat med nokre av damene. Her er Fem på Tango: Bjørghild Imsland Kva gjer du no? – Eg studerar rekneskap/ revisjon og er husmor. Bur i nytt hus på Smeaheia, har mann og fire born. Saknar du heimbygda di? – Eg saknar naturen og folka. Elles så føler eg ikkje at …

M/S Rogaland på tur til Skipavåg

Det var eit flott syn då M/S Rogaland kom inn Storøysundet i strålande sol i dag. Inne i Skipavåg vart skipet borda, og Johan Finnvik gjekk over i ein liten båt. Det er andre gong «Rogaland» vitjar Skipavåg på på den faste rundturen den har på Kystkulturdagane, fyrste gong var i 2002. Ein kan nok …