Skribent: imsland

Årets konfirmantar

Søndag 26. september vart årets konfirmantar presenterte i Imsland kyrkje. Her er dei: Frå venstre: Anette Imsland Birkeland, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Sondre Kvaløy, Bård Ersland og sokneprest Harald Eintveit. Helge Hummervoll er og konfirmant, men var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Theodor Imsland

50 års-jubileum

Gullkonfirmantar frå Imsland:   Frå venstre: Liv Imsland f. Rørtveit, Magne Øvregård, Ingrid Marvik f. Imsland, Kåre Rørtveit, Torhild Finnvik f. Aksland, Sigurd Hauge, Marit Gundersen f. Haugland, Egil Døske, Karin Imsland, Karstein Hustveit, Tordis Revheim f. Balle, Håkon Hustveit, Magnhild Indreland f. Åsland.  

Oase i gardstunet

Anita tok med seg lidenskapen til akvariefisk då ho flytte til Imsland. I Haugesund hadde ho 10 akvarier på det mesta. No har ho og Tore laga fiskedammar i gardstunet på Øygarden.      – Når eg skal slappa av tek eg gjerne med meg kaffikoppen og set meg her ved dammen, seier Anita.

Medlemsmøte Hauk 4H

Tysdag 21. september kjem 4H-klubben frå Ropeidhalvøya på besøk til oss i Imsland. Det vert ulike aktivitetar som til dømes kanopadling, fotball, leikar og slikt. Kanskje volleyball? Me fyrer i bålpanna. Alle medlemmer tek med seg grillmat og drikke. Foreldre, sysken og andre er sjølvsagt velkomne til å vera med oss! Kor tid: Tysdag 21. september …

No blir det sykkelbane på skulen

Du har kanskje lagt merke til at det ligg haugar med masse langs grusbana på skuleplassen? No blir det terrengsykkelbane – til glede for små og store syklistar som ynskjer utfordringar. Det er Grendeutvalet som står bak. Dei har gjennomført to vellykka loppemarknadar, og ein del av overskotet vert no altså brukt til sykkelbane;-)

Imsland vassverk til kommunen?

Måndag 30. august skal utval for drift, utvikling og kultur handsame søknad om overføring av Imsland vassverk til kommunen. Rådmannen rår til at kommunen tek over vassverket frå 1. januar 2011. Du finn saksutgreiinga her.

Om hundar og ungar

Aurelija P Hustveit bloggar for Grannar. Klikk her for å lese kva ho meinar om Kristine Koth, hundar, kattar og ungar.

Snus og bensin

Pakkers har laga video til låta Snus og bensin. Sjå videoen der Jan Nordtveit har ein av dei leiande rollene. http://www.youtube.com/watch?v=FLItPWFgCFM

Nye førsteklassingar på Imsland Skule

Her ser me dei 3 nye førsteklassingane som begynte på skulen torsdag 19.august.Det er Mathias Rønnevik, Torstein Øvregård og Sara Marvik Johansen som har sin fyrste skuledag.Dette er ein spesiell og fin dag for både elevar, foreldre og lærarar. Dei 2 fyrste dagane har skulen«mjuk» skulestart, og då får elevane blant anna spikka, padla på …

Vevstova på Krosstveit

I januar 2004 blei det arrangert vevkurs i det gamla skulehuset på Krosstveit. I ettertid har det vore  fast med veving kvar måndag. Aldersforskjellen er stor; Karoline (bilete) er yngst på 13 år, og Margrete på 82 år er eldst. Og det er slettes ikkje berre Imslandbu som tek turen til vevstova. Her kjem jevnleg folk …