Skribent: imsland

Årsmøte Hauk 4H

Det vert årsmøte 25. november. Innkallinga finn du her.

1.klassing fekk svar på flaskepost!

Mathias Rønnevik har saman med klassekameratane sine i 1. og 2. klasse skrive brev på data og sendt på fjorden som flaskepost. I norsktimen har dei skrive brev med namn, adresse, alder og at dei håpar på svar, og etter å ha teikna fint og putta brevet på ei brusflaske, køyrde dei ned til Imslandssjøen …

4H trekte fullt hus

Haustfesten er kvelden der 4H-medlemane inviterer slekt og venner, kjende og ukjende, til å komme og markere slutten på 4H-året.  Utstilling av prosjekt, mat, lotteri og underholdning stod på programmet, alt i regi av medlemane sjølve.  Fredag var det fullt hus på bygdahuset, og 4H-arane kan puste ut etter VEL BLÅST haustfest,-) Oskar og Eivind studerer utstillingane. Kanskje …

Lått og løye på 4H-øving

Fredag går 4H sitt store arrangement – HAUSTFESTEN – av stabelen, og denne veka er det øving nesten kvar dag. Innsatsvilje og godt humør pregar øvingane;-) – Det vert eit kjekt program melder medlemane, som likevel ikkje vil røpa noko av innhaldet. – Den spenninga skal me halde fram til fredagen. Alle er velkomne til …

«Loftet» er snart klart til bruk

 – Me satsar på intensiv arbeid dei neste 2-3 vekene for å få rommet oppe på Bygdahuset klart til bruk, seier Terje Ersland, som er initiativtakar til prosjektet. Dersom du vil, så er du er med dette invitert til å bli med på dugnad for å få siste rest på plass.    

Glad dugnadsgjeng

   Arbeidet med å byggje idrettshall i Vikedal er godt i gang, og i helga var ein driftig dugnadsgjeng frå Imsland i sving. – Planen er at hallen skal stå ferdig til våren og dugnadsgjengen gjer ein kjempejobb, seier Jan Nordtveit, som sit i byggekomiteen.  .  Henning Nordtveit, Edvind Marvik, Bjarne Rønnevik, Magne Egil Langeland, Arne …

Leif Egil Olsen blei Norsk brunstbrølemeister 2010

I samband med Hjortapuben på Bygdahuset i går 16. oktober, arrangerte Hjortefestivalen norsk meisterskap i brunstbrøl. Det kom mykje folk, til og med TV-team frå Sebyen. Sjå innslaget HER Det blei Imslandsbuen Leif Egil Olsen som klarte å å framføra brunstbrølet sitt på ein så framifrå måte at dommarane kåra det til best i landet…Ifølgje …

Ny gudstenesteforordning

Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsamabiskopen sitt forslag til ny gudstenesteforordning. Dvs forslag til kor mangegudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.

Imsland vassverk vert kommunalt

På ekstraordinert årsmøte i vassverket vart det i kveld vedteke at årsmøtet ynskjer at kommunen skal overta vassverket frå 01.01.2011. 27 medlemar møtte, og vedtaket var samrøystes.

Filmar

{youtube}jXSzRUkjNs8&{/youtube} Imslandsrevyen i platestudio på åttitalet. På åttitalet og eit stykkje inn på nittitalet var revygruppa i Imsland aktive. Ca annakvart år sette dei opp ny revy på Bygdahuset, og andre forsamlingslokale i distriktet.Revyane var populære og samla fulle hus. I 1988 blei Vindafjordkassetten innspelt. Imslandsrevyen var då i platestudio og spelte inn ein meir …