Skribent: imsland

Havre er sunt!

Bygdekvinnelaget har vore i barnehagen og servert mat av havre til ungane. – Me hadde med oss havreboller, havrevafler og havresuppa som fall i god smak, seier leiaren i bygdekvinnelaget Marit Svandal.  

Lærte å lesa fortare med data

Elevane i Imsland har vore med i eit forsøk om alternativ opplæring i lesing. Forsøket var så vellukka at alle skulane i Vindafjord kommune frå denne hausten er med på prosjektet. Les meir på www.pirion.no (Skjermdump: www.pirion.no)

Jubileumskonsert i Imsland kyrkje Laurdag 24. sept kl 19.30

Konserten er basert på melodiar og tekstar samla, arrangert og presentert av Ingebrigt Bjelland i boka ”Folkeleg musikk i Rogaland”.  Repertoaret omfattar salmar, songar, skjemteviser og instrumental musikk. Solistar:  Rannveig Westvik Skiri, song.                    Hans Petter Hansen, song. Torunn Rønnevik, song.                                          Per Sigmund Rettedal, song. Eirik R. …

» Da damene i Imsland dro»

Me reiser samla i frå Ropeid med båt onsdag 31.aug kl. 07.20 og heim att same dag frå Stavanger kl. 15.30 eller kl. 19.45. Ein syter sjølv for skyss til og fra Ropeid. Denne dagen blir det kos og shopping i Stavanger med eit felles måltid. (Plass og tidspunkt for mat bestemme me på båten)  …

Resultat frå «Hestanipen opp 509»

Du kan sjå resultatlista frå motbakkeløpet HER

350 000 kroner til idrettshallen

Marine Harvest gjev 350 000 kroner og er med og delfinansierer den nye idrettshallen for Imsland, Sandeid og Vikedal.  Pengane kjem frå Marine Harvest-fondet, og i tildelingsbrevet står det at dei  ser på realisering av storhallen som eit viktig bidrag til lokalsamfunnet,  og at dei  gjerne vil hjelpa  til vidare på vegen. Kriterium for tilskot:Tiltaket skal …

Innspurt i idrettshallen

Idrettshallen er snart ferdig og no er det innspurt! Det blir ein flott hall for Imsland, Vikedal og Sandeid og no skal siste rest gjerast før sommarferien. Imsland.info vil oppfordre alle som kan til å ta ei økt i hallen i veka som kjem. Ta kontakt med Turid 990 13 494, Steinar 950 59 615 eller Jan …

Kjølig midtsommarfest

Tradisjonen tru arrangerte Hauk 4H St.Hans-feiring dette året og. Været var ikkje heilt på arrangørane si side – det var ein kjølig kveld som starta med yr og regn. Det vart ikkje deltakarrekord dette året, men det var ein koselig kveld for dei som møtte opp. Rebus, grilling, kubbespel, kaffi og kaker er hovudingrediensar denne kvelden – og i ballbingen …

Sprekingar samla i Imsland

I dag vart «Ølmedal rundt» arrangert for 31. gong. Vindafjord IL, med Lars Olav Larsen i spissen, står bak arrangementet, og som vanleg gjekk alt knirkefritt og i eit flott sommarvær. Det var omlag 1100 deltakarar totalt, og folk kosa seg ved bygdahuset, og handla på grillmat, rømmegraut, kaffi og kaker medan drøsen gjekk friskt. …

Velkommen til Imsland!

Måndag 12. juni går Ølmedal Rundt av stabelen for 31. gong. Vindafjord Idrettslag og bygda Imsland ynskjer alle hjarteleg velkomne! Det er stor stas at VM-kongen Petter Northug kjem til oss – og nokre har førebudd seg ekstra for å ynskja Northugen velkommen:    Kanskje tek han seg tid til å stikka oppom?