Førstkommande søndag, 24. juni, vert frisbeegolfturneringa Imsland Open arrangert for andre året på rad. Det føregår i Krutle, og turgåarar må vera litt oppmerksomme når dei ferdast i området på søndag. Turneringa startar klokka 11.00 og er open for alle. Det er ei krevande løype og du bør ha på deg godt skotøy, seier arrangørane. …
I løpet av året skal alle sokn i landet vedta sin eigen grunnordning for gudstenester i soknet I dei nye reglane er det lagt opp til stor lokal fridom når det gjeld oppbygning av gudstenesta. Imsland, Vikedal og Sandeid sokneråd vart tidleg samde om at vi bør ha like grunnordningar i dei tre sokna i …
Ny flott lavo er no på plass på Lavo-haugen ovanfor skulen. FAU har hatt fleire dugnadskveldar og no byrjar det å ta form! Næringslivet i Imsland har sponsa og planen er å innreie med benkar og skinnfeller, ovn, bålpanne osv.
Ølmedal rundt vart i dag arrangert for 25.gong, og i overkant av 800 stk deltok i løpet, fordelt på 67 i barneløpet, 606 i mosjonsklassen og 138 i aktiv klasse (35 i dameklassen og 103 i herreklassen). Eit perfekt turvær med sol, ca 20 grader og ein lett bris var ramma i dag. Folk storkoste …
Fin og tradisjonell 17.mai-feiring i Imsland i dag. Godt jobba av komiteen som fekk arrangementet i fanget som «julekvelden på kjerringa». Trykk på LES MEIR-knappen så finn du bilete frå feiringa og svar på rebusen.
Fredag 4.mai, på sjølvaste 4H-dagen, arrangerte Hauk 4H sportykveld for medlemene sine. Medlemene kunne velja seg ein aktivitet å vera med på, og det var instruktørar som styrte alle aktivitetane.
No er det nymerka løype frå rasteplassen ovanfor Krutle opp Stubakken til Tjort. Sist eg gjekk turen møtte eg denne karen og som de ser har han sekken full av nymåla merkepinnar. Og det er ikkje første gongen Lars Staurland merkar opp løypene for oss! Turen til Tjort (688 moh) er ein av «kommune-turane» i …
I veka som kjem vert det korpsøving tysdag 8.mai og torsdag 10. mai. Klokka 19.00 begge kveldar.
Her er årets konfirmantar i Imsland. Ein flotte gjeng, ikkje sant?Sermonien vert halden i Imsland kyrkje søndag 29. april klokka 11.00. Gratulerar med dagen!
22. – 25. juni skal det vera fylkesleir i Rogaland 4-H i Julebygda. Det er for alle frå og med 12 år. Nytt i år er at på laurdagen skal det vera mange ulike kjekke kurs ein kan melde seg på. Ser veldig kjekt ut! For nærare info kan ein gå inn på 4-H.norge/rogaland.no Der …