Skribent: imsland

Avslutning av dåpsskulen «Den store skattejakta» 14. april.

Som ein del av trusopplæringa har sokneråda i Vindafjord sett i gong ein dåpsskule for 6- og 7-åringane i kommunen. Dåpsskulen er kalla «Den store skattejakta» og er leia av Berit Stople og Lillian Eikeland. I  Imsland har dei hatt 4 samlingar i kyrkje og bedehus, og avslutninga vart lagt til familiegudstenesta 14. april.

Til lag og organisasjonar

Oppdatering av informasjon på Imsland.info: Etter årsmøta må alle senda oppdatert informasjon på e-post til meg eller Bente. På Imsland.info er det t.d. styret for 2010 som står under «Grendeutvalet». Alle lag må sjekka dette! Helsing Lasse!   lars@skipevag.com

Jan tok årets beste bilde!

Jan Nordtveit sitt bilde av Valdemar Svortevik fekk årets einaste gullmedalje i konkurransen Årets fotograf. Les meir og sjå bilde her.

Loftsmøtet på bygdahuset 12.03.2013 er avlyst

Grunnen til dette er at innredningsprosessen på loftet likevel skal utføres av dugnadsgjengen som opprinneleg var i gang med arbeidet. Dette skal skje i de nærmeste månedene. Loftet skal etter planen drives som en del av huset. Når rommet er ferdig innreda planlegges det en offisiell åpning og et allmøte. Der skal alle interessene rundt …

Imsland i radioprogammet Naturens verden

Edvard Imsand er med i radioprogrammet Naturens verden, som var sendt i dag tidleg. Du kan høyra programmet her: http://radio.nrk.no/serie/naturens-verden/dvna02000913/03-03-2013 Edvard er med frå ca 13.35 minutt ut i programmet.

Karneval

Fredag arrangerte Hauk 4H karneval på bygdahuset. Stemningen var stor, og huset var fullt av fargerike personar frå 1.klasse og oppover. Det var sal av pizza, pølser, kaker, brus og godteri, og det var råd å få spå seg, kaste på boksar, tippe antal seigmenn på glas, anse limbo og vere med på dansekonkurranse. Alle …

Testamentarisk gåve til kyrkje og bedehus.

Imsland sokneråd har mottatt informasjon om at avdøde Arne Døske har testamentert kr 200.000,- til Imsland kyrkje og kr 200.000,- til Imsland bedehus. Pengane skal setjast på konto og avkastninga  brukast til vedlikehald av kyrkja og av bedehuset.Arne Døske er son av Syvert og Anna Døske som dreiv butikk ved Imslandsjøen fram til 1970-talet. Han …

Flott skøytedag samla mange

Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store, unge og gamle prøvde isen – dei fleste hadde skøyter – og dei sprekaste tok seg ein real ishockeykamp. FAU selde varm saft, pølser og kake og det var rett og slett ein triveleg dag!

Flott skøytedag samla mange

Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store møtte opp for å prøva isen, dei fleste hadde skøyter – og dei aller sprekaste hadde seg ein real hockeykamp. FAU selde pølser, kake og varm saft.  Det var rett og slett ein triveleg dag! Klikk på …