Skribent: imsland

Sorg’s Diktpost 1

Nokon kallar seg heilagmedan andre ropar bedrag.Men eg?Jo…eg plar handla på Imsland Handelslag. av Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge

Kråkevisa av Sorg på Rogletveit

Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge har laga ein versjon av den kjende Sveio-visa Kråkevisa. – Eg interesserer meg for folkemusikk og lokalhistorie, seier Sorg, Ølmedalsgut og musikar med platekontrakt i eit stort selskap i Tyskland.Sorg var Årets «band» i det største musikkmagasinet Scream i 2008, og fekk terningkast 6.Sorg si Kråkevise, der han forøvrig spelar alle …

Fast fisk i Kvaløy

Det var folksomt på Kvaløy-kaien i dag, då den årlege fiskekonkurransen gjekk av stabelen.

Trimturar 2013

Her finn du oversikt over årets turar, som er merka og tilrettelagt av Imsland Bygdekvinnelag. God tur til Trommenuten, Rindanuten og Hestskar  

Opning av sandvolleyballbanen i Imsland!

Fredag 31. mai blei den nye sandvolleyballbanen i Imsland opna.Banen blei påbegynt i 2012 og stod ferdig til vinteren. Flott dugnadsinnsats har gjort at me har fått ein solid bane med internasjonale mål.Den er på 14×22 meter med sand av topp kvalitet (sanden er lik den  som blei brukt under VM i sandvolley i Stavanger …

Kanoar til låns og Partytelt til leige

Kanoar til låns: Hauk 4h har tre kanoar som ligg ved Ølmedalsvatnet. Tanken er at alle skal kunne låne desse gratis. Ta kontakt med ein av klubbrådgjevarane Anne Gro, Bodil eller Liv Irene, så får du årer og nøkkel til å løyse kanonen med. Hugs å ta med redningsvest!Helsing Hauk 4h     Partytelt til …

Helge sprang raskast i år

Med tida 27.15 vart Helge Hummervoll den raskaste Imslandsbuen i år, berre 5.52 bak vinnaren, Anders Aukland. Kun 4 superlokale sprang løypa rundt vatnet i år: Håvard Ersland kom i mål på tida 30.15, Torjus Imsland sprang på 33.50 og Johannes Staurland på 34.03. 78 stk stillte i barneløpet, som gjekk av stabelen for tredje …

17.mai 2013

Her finn du svar på årets rebus og nokre blinkskot frå feiringen i Imsland:

Stålinnsamling

Det blir også i år metallinnsamling. Metallet kan leverast på same plass som i fjor på venstre side av vegen på eigedomen til Anette og Bjarne. Det er kun metall som kan leverast, og det må vera fritt for gras og jord. Innsamlinga varer til 1. august. Ev. spørsmål kan stillast til Bjarne tlf. 481 …