Skribent: bente.kjos@gmail.com

Sommer kick-off i Imsland

Fredag 26.juni er det VM-kamp, og Norge skal spele mot Frankrike. Matkroken Imsland har i samarbeid med Imsland bygdahus fått til eit opplegg med uteservering og «før kampen-aktiviteter» på Berget Kafé frå kl 12:00 denne dagen. Så blir alle gjestene køyrde til bygdahuset i minibussar frå kl 20:00, og kampen vert vist på storskjerm.Arrangementet er …

Loppemarknad

Du finn meir informasjon og bilder av loppene på facebook-sida til Imsland bygdahus

Julekonsert Imsland kyrkje 20.desember

På scenen: André Nesheim – Sang, Håvard Ersland – Piano med mer, Sondre Scheffler – Kontrabass, Alf Reidar Kongshavn Nilsen – Trommer Billettsalg Imsland: https://andre-hustoft-nesheim.hoopla.no/event/1915761204

Pubkveld

Endelig klart for den årlege haustfesten i Imsland. Me tek vidare tradisjonen og køyrer uoffisielt NM i «Brunstbrøling» kl. 2215. Meld deg på på førehand, eller vent helt til du ser at sigeren kan vera innan rekkevidde. Morten & Jarle spelar opp til fest utover kvelden. Dørene opnar: 20.30

Handlebuss og gubbetreff

Hjå Matkroken Imsland kan du bestille handlebuss kvar fredag. Jarle Kvaløy hentar passasjerane heime, køyrer dei til butikken der dei kan handle og drikke kaffi, før han køyrer deg heim igjen og hjelper deg i hus med varene. Eit kjempegodt tilbud fleire kan benytte seg av! Du må bestille skyss før klokka 14.00 dagen før …

Nytt frå turgruppa

I forbindelse med merking av tursti frå Ørevikvegen til Kvaløy fekk turgruppa støtte frå Rogaland fylkeskommune. Pengane er mellom anna brukt på ny benk, som er plassert ut langs Ørevikvegen. Turgruppa melder ellers at stien frå Brattaland til Ørnanibba no er merka, i tillegg til vedlikehald av merking til Fevassnuten, Fatet og Tjort. God tur!