Nytt frå Imsland Bygdekvinnelag: Norges Bygdekvinnelag støttar oss med 8000,- i prosjektmidlar for å gjennomføre «Bygda i bevegelse» i Imsland. Planen er at me skal arrangere fire turar i løpet av året, knytt til dei 4 årstidene. Alle er velkomne til å bli med på tur, og mat kjem til å vera ein viktig komponent på minst to …
No skal alle damene i Imsland over 18 år ha mottatt invitasjon til fest! Viss du ikkje har fått invitasjon – eller veit om nokon som manglar – er det veldig fint viss du tek kontakt med ein av oss i bygdekvinnelaget. Og så var det klokkeslettet: festen startar kl 19.30
I gudstenesta søndag 18.10 var det utdeling av fireårs-bok. Vi har tre fireåringar i Imsland i år, men berre Oliver Marvik Johansen hadde høve til å møta. Det var litt skummelt å gå opp til presten åleine, så han fekk fylgje av søster si.
Søndag 20. sept var det festleg samvære i Vikedal for gullkonfirmantane i heile prestegjeldet. Frå Imsland møtte frå v.: Osmund Andreas Ildstad, Norvald Teodor Liabø og Martin Aksland. Dei andre i kullet var Bjørn Wåga, Reidar Bratteland, Lars Bjørn Rønnevik og Torjus Frøvik som er død.
Episoder i livet Tekst og foto: John Brattaland Bjørndalen Foto: Jeg utenfor hytta, dere ser flattjernet over vinduet. I årene etter eg reiste ut i jobb, det var frå ca 16 års alderen, og til eg ble gift 25 år gammel, bestod feriene mine som da var på 14 dager av å hjelpe til i høyonna …
Resultatet av bedehusbasaren 14. juli vart kr 21.080,-Takk for alle fine gevinstane vi fekk inn, og takk til alle som kjøpte lodd på basaren. Soknerådet
Tekst og foto: John Brattaland Forord: Vi er blitt noen år eldre, og i denne historien er det Øystein Staurland som er med. De andre personene får være anonyme, og faktisk er mange av de burte no. Hytta på bilde, Kittelstøl som vi hentet madrassene ut av, var ille faren av storm den gang, men et par gutter …
Fredag 29.mai passerer nokre av verdas beste syklistar Imsland Steinar har komme med eit godt forslag: Alle som vil og kan møtest på stasjonen fredag kl 15.30. Ta med traktor, lift, solstol, trekkspel, hest osv….og flagg i alle størrelsar! Me kan grilla og ha det løye …og heia på syklistane.
215 stillte til start i aktiv klasse i Ølmedal Rundt i dag. Dette er rekordmange og det er dameklassen som aukar mest. Været viste seg ikkje frå den beste sida i dag, men arrangementet var som alltid prikkfritt, og det var god stemning blant publikum Nytt av året er at barneløpet startar rett etter hovudfeltet. …