I samband med Hjortapuben på Bygdahuset i går 16. oktober, arrangerte Hjortefestivalen norsk meisterskap i brunstbrøl. Det kom mykje folk, til og med TV-team frå Sebyen. Sjå innslaget HER Det blei Imslandsbuen Leif Egil Olsen som klarte å å framføra brunstbrølet sitt på ein så framifrå måte at dommarane kåra det til best i landet…Ifølgje …
Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsamabiskopen sitt forslag til ny gudstenesteforordning. Dvs forslag til kor mangegudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.
På ekstraordinert årsmøte i vassverket vart det i kveld vedteke at årsmøtet ynskjer at kommunen skal overta vassverket frå 01.01.2011. 27 medlemar møtte, og vedtaket var samrøystes.
{youtube}jXSzRUkjNs8&{/youtube} Imslandsrevyen i platestudio på åttitalet. På åttitalet og eit stykkje inn på nittitalet var revygruppa i Imsland aktive. Ca annakvart år sette dei opp ny revy på Bygdahuset, og andre forsamlingslokale i distriktet.Revyane var populære og samla fulle hus. I 1988 blei Vindafjordkassetten innspelt. Imslandsrevyen var då i platestudio og spelte inn ein meir …
Søndag 26. september vart årets konfirmantar presenterte i Imsland kyrkje. Her er dei: Frå venstre: Anette Imsland Birkeland, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Sondre Kvaløy, Bård Ersland og sokneprest Harald Eintveit. Helge Hummervoll er og konfirmant, men var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Theodor Imsland
Gullkonfirmantar frå Imsland: Frå venstre: Liv Imsland f. Rørtveit, Magne Øvregård, Ingrid Marvik f. Imsland, Kåre Rørtveit, Torhild Finnvik f. Aksland, Sigurd Hauge, Marit Gundersen f. Haugland, Egil Døske, Karin Imsland, Karstein Hustveit, Tordis Revheim f. Balle, Håkon Hustveit, Magnhild Indreland f. Åsland.
Anita tok med seg lidenskapen til akvariefisk då ho flytte til Imsland. I Haugesund hadde ho 10 akvarier på det mesta. No har ho og Tore laga fiskedammar i gardstunet på Øygarden. – Når eg skal slappa av tek eg gjerne med meg kaffikoppen og set meg her ved dammen, seier Anita.
Tysdag 21. september kjem 4H-klubben frå Ropeidhalvøya på besøk til oss i Imsland. Det vert ulike aktivitetar som til dømes kanopadling, fotball, leikar og slikt. Kanskje volleyball? Me fyrer i bålpanna. Alle medlemmer tek med seg grillmat og drikke. Foreldre, sysken og andre er sjølvsagt velkomne til å vera med oss! Kor tid: Tysdag 21. september …
Du har kanskje lagt merke til at det ligg haugar med masse langs grusbana på skuleplassen? No blir det terrengsykkelbane – til glede for små og store syklistar som ynskjer utfordringar. Det er Grendeutvalet som står bak. Dei har gjennomført to vellykka loppemarknadar, og ein del av overskotet vert no altså brukt til sykkelbane;-)
Måndag 30. august skal utval for drift, utvikling og kultur handsame søknad om overføring av Imsland vassverk til kommunen. Rådmannen rår til at kommunen tek over vassverket frå 1. januar 2011. Du finn saksutgreiinga her.