Aktuelt

Gøy på landet!

I morgon kjem ei busslast med bydamer til Vikedal for å treffa lokale ungkarar. To av ungkarane er frå Vikedal, og den tredje er Imslandsbu. «Gøy på landet» vert arrangert av TV Norge, Monster Entertainment og Vikedal Utvikling. TV-serien skal sendast til hausten. I morgon, fredag 27.mai klokka 09.30, kjem bussen med bydamene og stoppar ved kommunehuset. Då …

Vel blåst 17.mai-feiring

Tradisjonell og flott feiring i Imsland med engasjerande aktivitetar for små og store. Her rundar folketoget ut på hovudvegen, med 17.mai-komiteen i spissen:      

Vellukka vaskedugnad!

Då har me gjennomført ein av «vaskekveldane», og det gjekk kjempebra! Me hadde ikkje kalla inn folk «på namn» denne gongen, og me var spente på kor mange som ville koma.Då dagen kom, var det 10 stk som møtte opp for å vera med å vaska/rydda på Bygdahuset, og dette var jo svært bra! Styret …

Påskepynt – få inspirasjon!

 Thorhild Øvregård Tveit, frå Sauda, kjem og gjev inspirasjon om påskepynt på døra.  Dei som vil kan laga sin eigen krans.  Marit lagar god suppe og me serverer kaffi og kake.  Ta med kopp.  Tysdag 12. april kl 19:30 på Bygdahuset.  Alle er hjarteleg velkomne!  Imsland Bygdekvinnelag

Turtips: Myrstøl

  Myrstøl er eit flott turmål både for for små og store, med eller utan strikketøy. Start ved Tårnstølvegen (køyr til enden av bomvegen eller start ved Guri og Kjetil). Ca 1,5 – 2 timar i lett terreng. Sist søndag var det skiføre, ca 40 cm snø i området, men den smeltar fort no så dersom du legg …

INFO FRÅ IMSLAND BYGDAHUS

Treningsrommet: Me vil oppfordra alle som brukar treningsrommet om å betala inn “kontingent” for 2011. NYTT: Frå i år av betalar du for kalenderåret om du ynskjer å nytta dette tilbodet. Det kostar 400 kr pr. år for ein vaksen, og 700 kr pr. år for ein familie. Det er fint om me kan fortsetja …

Vellykka søndagskafe

Det vart servert nydelege heimelaga kjøtkaker på Bygdahuset i dag, søndag 27.februar. Her er dugnadsgjengen som står bak. Takk for maten!

Vampyrar, prinsesser og rare dyr

Det var mange underlege skapningar å sjå på Bygdahuset sist onsdag då 4H arrangerte karneval med leikar, dansekonkurranse, limbo-tevling med meir.  Ny vri på limbo-tevlinga i år

Avslutning Imsland vassverk

 Styret i Imsland Vassverk markerte avslutning av vassverket og ein vellukka overføring til kommunen med ein middag på Ryfylke Fjordhotell onsdag 9. februar.    Per Bakkedal, Theodor Imsland, Sigbjørn Staurland