Aktuelt

Bading og pizza for 4H-medlemer!

Tysdag 20.mars arrangerer Hauk 4H tur til Saudahallen med pizza og brus etterpå for alle medlemene! Avgong frå Imsland bygdahus kl. 16.30 (me satsar på privatbilar), retur frå Sauda omlag klokka 21.00. Pris: Medlemene betalar sjølv for bading. Hauk 4H spanderar pizza og drikke. Påmelding: innan fredag 16.mars til Anne Gro (mobil 97147773) Alle medlemene …

Planteliv i Vindafjord

Planteliv i Vindafjord er tittelen på ei bok som kom ut like før jul. Forfattarane er ølensbuane Lars Dalen og Torstein Haugen.  Boka er på 200 sider og i stort format, så det er ei heilt utruleg mengd opplysningar og ikkje minst fine fotografi som er samla i denne boka. Over 900 ulike plantar har …

Snøen er for alle!

Eit av slagorda til Sauda skisenter er at «Snøen er for alle!», eit motto 4H-arane gjerne stiller seg bak . Laurdag 28. januar var det skidag i Hauk 4H, og medlemane kunne velje om dei ville reise til Svandal og køyre slalom, eller skitur på Fjellstøl. Her ser du bilete av alpingjengen:

JARLE PÅ PALLEN I KM

Jarle Nordtveit Åsheim fekk 2 tredjeplassar i kretsmeisterskapen på ski sist helg i Sirdal. Ragnhild Aarekol (11år) imponerte og med to 2. plassar. I alt deltok 9 stk frå Vindafjord IL i meisterskapen som gjekk av stabelen på Feed Skiarena på Tonstad. Flott innsats!!!!

Vindetreet 2011

Vindetreet for 2011 er nå lagt ut for sal i bokhandlar og ein del butikkar og bankar i distriktet. Dette er den 20. utgåva av sogeskriftet, og dette blir markert med ei  stor jubileumsutgåve på heile 120 sider.  Ein har også prøvd å friske opp layout og biletbruk i skriftet. Det er i år mange …

Sykkelbane ved skulen

Imsland Grendautval har leigt VMA for å oppdatera sykkelbana, det er Morten Skeie som har laga den og ungane er kjempefornøyde:D

Kyrkjejubileet og det nye Soknerådet

Gåver til kyrkjejubilet. I samband med kyrkjejubileet vart det sendt ut brev til alle husstandar i bygda og til lokale bedrifter og lag med spørsmål om å gi penger til kykjejubileet. I alt kom det her inn kr 130.650,- Frå 25 private gjevarar kom der inn i alt kr 39.150,-. Frå laga i bygda fekk …

4H arrangerte festkveld

Fredag 23.oktober laga Hauk 4H festkveld på bygdahuset. Den årlege haustfesten, der medlemane stiller ut arbeidet sitt, lagar underhaldning og serverer mat, samlar små og store til ein triveleg kosekveld. Haustfesten markerer at eit 4H-år er slutt, og medlemane mottek synlege bevis på at dei har fullført prosjekta sine. Gratulerer til Bjørn Tore Sele Kaldheim som har fullført …

Havre er sunt!

Bygdekvinnelaget har vore i barnehagen og servert mat av havre til ungane. – Me hadde med oss havreboller, havrevafler og havresuppa som fall i god smak, seier leiaren i bygdekvinnelaget Marit Svandal.  

Lærte å lesa fortare med data

Elevane i Imsland har vore med i eit forsøk om alternativ opplæring i lesing. Forsøket var så vellukka at alle skulane i Vindafjord kommune frå denne hausten er med på prosjektet. Les meir på www.pirion.no (Skjermdump: www.pirion.no)