Ny flott lavo er no på plass på Lavo-haugen ovanfor skulen. FAU har hatt fleire dugnadskveldar og no byrjar det å ta form! Næringslivet i Imsland har sponsa og planen er å innreie med benkar og skinnfeller, ovn, bålpanne osv.
Ølmedal rundt vart i dag arrangert for 25.gong, og i overkant av 800 stk deltok i løpet, fordelt på 67 i barneløpet, 606 i mosjonsklassen og 138 i aktiv klasse (35 i dameklassen og 103 i herreklassen). Eit perfekt turvær med sol, ca 20 grader og ein lett bris var ramma i dag. Folk storkoste …
Fin og tradisjonell 17.mai-feiring i Imsland i dag. Godt jobba av komiteen som fekk arrangementet i fanget som «julekvelden på kjerringa». Trykk på LES MEIR-knappen så finn du bilete frå feiringa og svar på rebusen.
Fredag 4.mai, på sjølvaste 4H-dagen, arrangerte Hauk 4H sportykveld for medlemene sine. Medlemene kunne velja seg ein aktivitet å vera med på, og det var instruktørar som styrte alle aktivitetane.
No er det nymerka løype frå rasteplassen ovanfor Krutle opp Stubakken til Tjort. Sist eg gjekk turen møtte eg denne karen og som de ser har han sekken full av nymåla merkepinnar. Og det er ikkje første gongen Lars Staurland merkar opp løypene for oss! Turen til Tjort (688 moh) er ein av «kommune-turane» i …
I veka som kjem vert det korpsøving tysdag 8.mai og torsdag 10. mai. Klokka 19.00 begge kveldar.
Her er årets konfirmantar i Imsland. Ein flotte gjeng, ikkje sant?Sermonien vert halden i Imsland kyrkje søndag 29. april klokka 11.00. Gratulerar med dagen!
22. – 25. juni skal det vera fylkesleir i Rogaland 4-H i Julebygda. Det er for alle frå og med 12 år. Nytt i år er at på laurdagen skal det vera mange ulike kjekke kurs ein kan melde seg på. Ser veldig kjekt ut! For nærare info kan ein gå inn på 4-H.norge/rogaland.no Der …
Bli med bygdekvinnelaget på vårtur til FjørSilkeBris , ein koseleg kafe i Tysvær med eigen ekslusiv butikk; Hjerterom. Her kan du finne den perfekte gåva, eller kanskje noko til deg sjølv som du ikkje visste at du trengde. I tillegg har dei no kunstutstilling av Anne-Grete Øygarden. Himmelsk buffe inneheld ulike smårettar – og blir servert med varme smil og …
Anita hadde med seg egg, og laga innbakt egg og bondeomelett til store og små!!{gallery}paaskelunsj2012{/gallery}