Aktuelt

God innsats av frivillige under Rootsfestivalen

Foto: Bodil og Håvard tek ein siste sjekk på frukostbuffeen fredag morgon.

Imsland Open Frisbeegolf

17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei …

Eventyrstien

No kan du gå Eventyrstien i Ølmedal og sjå korleis skule-elevane nytta dei siste formingstimane før sommarferien

Rasteplassen er rusta opp

Grendautvalet har sendt bilete frå rasteplassen på Ørevikvegen. Lars Staurland har gjort jobben med å fikse rekkverket. Grendautvalet seier at Lars alltid er positiv når dei ber om hjelp, noko dei set svært stor pris på! Med SMIL-midlar frå kommune/ fylkesmann er det og rydda og utført hogstarbeid ved rasteplassen, slik at utsikten over fjorden …

Imsland Open – Frisbeegolf

Førstkommande søndag, 24. juni, vert frisbeegolfturneringa Imsland Open arrangert for andre året på rad. Det føregår i Krutle, og turgåarar må vera litt oppmerksomme når dei ferdast i området på søndag. Turneringa startar klokka 11.00 og er open for alle. Det er ei krevande løype og du bør ha på deg godt skotøy, seier arrangørane. …

Saman for Guds andlet – ny gudsteneste-ordning

I løpet av året skal alle sokn i landet vedta sin eigen grunnordning for gudstenester i soknet I dei nye reglane er det lagt opp til stor lokal fridom når det gjeld oppbygning av gudstenesta. Imsland, Vikedal og Sandeid sokneråd vart tidleg samde om at vi bør ha like grunnordningar i dei tre sokna i …

Lavoen er snart klar

Ny flott lavo er no på plass på Lavo-haugen ovanfor skulen. FAU har hatt fleire dugnadskveldar og no byrjar det å ta form! Næringslivet i Imsland har sponsa og planen er å innreie med benkar og skinnfeller, ovn, bålpanne osv.

Ølmedal rundt 28.05.2012

Ølmedal rundt vart i dag arrangert for 25.gong, og i overkant av 800 stk deltok i løpet, fordelt på 67 i barneløpet, 606 i mosjonsklassen og 138 i aktiv klasse (35 i dameklassen og 103 i herreklassen). Eit perfekt turvær med sol, ca 20 grader og ein lett bris var ramma i dag. Folk storkoste …

Vel blåst 17.mai i Imsland

Fin og tradisjonell 17.mai-feiring i Imsland i dag. Godt jobba av komiteen som fekk arrangementet i fanget som «julekvelden på kjerringa». Trykk på LES MEIR-knappen så finn du bilete frå feiringa og svar på rebusen.

Sporty 4H-medlemer i Imsland!

Fredag 4.mai, på sjølvaste 4H-dagen, arrangerte Hauk 4H sportykveld for medlemene sine. Medlemene kunne velja seg ein aktivitet å vera med på, og det var instruktørar som styrte alle aktivitetane.