Aktuelt

Haustplan frå Bygdekvinnelaget

Bygdekvinnelaget har lagt planar for hausten. Heldigvis inneber det mellom anna kafe på bygdahuset og middagsservering i god gammal stil! Resten av planen finn du ved å trykkje på «Les meir»-lenka.  

HAUSTFEST

4H klubben i Imsland har gleda av å invitera deg til haustfest fredag 19. oktober på Imsland bygdahus. Vaksne kr 100,- / born kr 50,- Festen byrjar klokka 19. Utstillingane opnar kl 18. Det vert underhaldning, utdeling av merke, mat og kaffi. Alle er hjerteleg velkomne! Beste helsing Hauk 4H

Vegane skal få navn

Alle vegar skal få navn og alle hus skal få nummer. Dette er for at utrykningskøyretøy skal finna fram på ein sikker og rask måte.

Stor hesteinteresse i Imsland!

På Bjortveit er det på tysdagar trening med islandshestar. Her er det mykje fokus på gangarter, noko som er litt spesielt med denne hesterasen. Me er så heldige å få ha Jane Espevold frå Vikedal som instruktør. Ho har mykje å lære jentene.

Elvesafari i Hustveitelva

Fredag 18.august var Bjørn Mo, Hilde Bjelland Abelseth, Linda Skaar og 5.-7.klasse frå Imsland skule på elvesafari i Hustveitelva. Før me begynte å gå i elva så måtte me kjøre litt, og så gjekk me litt på ein traktorveg. Då me starta å vassa nedi vatnet, var det litt kaldt, men etter kvart blei det …

Torbjørn Mo vann fotokamera!

I fjor deltok 6.klasse ved Imsland Skule i ein fotokonkurranse som Rogaland Skogsselskap arrangerte. Dei tok bilete med tema «Tre om tre», og etterpå skulle dei skriva ein tekst til bileta.Torbjørn Mo frå Imsland blei fylkesvinnar, og torsdag fekk skulen besøk av 2 frå Skogselskapet som delte ut ei flott vinnargåve,- eit Canon EOS 1100 …

Lyst å prøva painball?

Det er fleire som har paint-ball i 4h-oppåve i år, og Cruys har no lyst å samle ein gjeng og reise til Frønsdal aktivitetsgard for å spele i skogsløypene der. Aktuelle datoar er 1. eller 8. september, alt etter kva dag som passar best. Det er plass til grupper frå 6 til 14 personar frå …

Venterommet på Ropeid

Heilt i sjøkanten på ferjekaien ligg det. Venterommet. Bygget er integrert i naturen. Fram i tid skal ferja leggjast ned. Venterommet blir ståande att. Tomt og åleine. Same kor lenge ein ventar vil ferja aldri komme. Ei gruppe kunstnarar, mange med røter frå staden, vil saman forvandle venterommet og kaien til eit scenerom med ei …

Tomas Finnvik fekk Kongens fortenestemedalje i sølv og audiens hjå Kongen!!

11. august feira Tomas Finnvik 75-års dag med ope hus heime på Hyttebøen. Ordførar Ole Johan Vierdal kom og overrekte denne gjeve utmerkinga.Han snakka om alt det friviljuge arbeidet Tomas har gjort opp gjennom åra. Han nemnde blant anna Vindafjordingen, Vindetreet, sogelags- og anna historiearbeid, kyrkjeleg arbeid,bygdabøkene, politikk og kåseri med meir. Alle som var …

Motbakkeløpet «Hestanipen Opp 509» 2012

Løpet blei arrangert fredag 20. juli.  210 personar deltok. 128 i mosjonsklassen og 82 i konkurranseklassen. Vinnaren av herreklassen, Thomas Vestbø  sette ny rekord med tida 21.39. I dameklassen blei det og ny rekord av Maryna Novik  på 26.55. Les Heile Resultatlista. http://www.youtube.com/watch?v=IKyytNmjZQ4