Allehånde opner døra for første gong onsdag 11. desember 2013 frå kl. 12 – 16.Kanskje du har lyst & tid til å stikke innom til oss på Rørtveit? Velkommen til oss !! Med helsing, Dagmar og Fred 942 484 62
Då er «Allehånde-mangfoldig flerbruk» klar!!! «Allehånde» står for bruktbua, møteplass, nabokroken. Me har tenkt på ein kreativ temakveld «vakker gjenbruk» fredag 6.12.2013 kl. 20 her hos oss på Rørtveit i kjellaren og lager denne kvelden fine lysestakar. Har du lyst å vera med? Påmelding innan 05.12.2013 kl 14.00. Pris: 200 kr for …
Det vart ein fantastisk triveleg kveld på Øvregard med flotte tre og mosekuler. God julestemning og masse gløgg!
Fredag 29 nov kl 20 blir det juleverksted på låven hjå oss på Øvregard. Der skal me lage fine juletre av mose. Juletrea er like fine inn som ute. Me skal kose oss med rømmegraut og gløgg. Varmedress passe fint:-). Det kostar 200,- for heile pakken med mat og materiell. Påmelding innan kl 12 fredag …
Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus torsdag 21.11.2013 kl. 19.30. Saksliste: 1. Godkjenning av innkalling og saksliste2. Val av møteleiar3. Val av 2 til og skriva under i møteboka saman med møteleiar.4. Årsmelding5. Rekneskap6. Hjartestartarkurs- kven skal me sende/vil på kurs?7. Innkomne saker8. Val9. Ymse Innkomne saker må vera kome til ein …
IMSLAND BYGDAHUS, 10.NOV FRÅ KL 12.00 Meny:Komle m/tilbehørPølse m/brødKake, kaffi og brus Ta med venner og slekt, så får me det kjekt!!Vel møtt!! NB! Husk kontanter. Arr.: 9kl, Fredsreiser Polen 2014
Du kan kjøpa Theodora og/ eller Molly av oss. Shetlandsponnyen, Kompis, søkjer og ein ny heim. Kontakt Åse og Oddvar på Haualand. Tlf: 90867619 / 97090183
Det var ei koseleg og fin hausttakkegudsteneste søndag 29. sept. Under gudstenesta var der også utdeling av «Mi kyrkjebok» til fire-åringane. Det var ein flott inngong med barn frå bygda som bar inn frukt og grønsaker frå avlinga i haust. Dei nye konfirmantane tok del i gudstenesta, las forbøna og tende lys. Kasper Rønnevik og …
Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den «nye» vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet. Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m …