Aktuelt

Konfirmantfest 7. mai

Saman med foreldre og konfirmantar frå dei forrige konfirmantkulla, arrangerte soknerådet fest for konfirmantane på Bygdahuset etter samtalegudstenesta 7. mai. Her er nokre bilete frå festen.{gallery}konfirmantfest{/gallery}

«Pappa’n i de mange land»

I fjor vår var elevane ved Imsland skule med på ein internasjonal konkurranse som heitte «Pappa’n i de mange land».Oppgåva var å teikna og skriva om kva som kjenneteiknar ein god pappa, og gjerne få med kva dei sjølv likar å gjera saman med sin eigen pappa.Bidraga frå Imsland skule vart sende til det internasjonale …

Blomster til webredaktørane

Lasse og Bente har drifta imsland.info sidan opninga i 2009. Me var innom på sist møte i grendautvalet for å drøfta nettsida (grendautvalet er eigar av nettsida), og dei overraska oss med flotte blomar som takk for innsatsen så langt, noko me sjølvsagt syntest var svært kjekt!

Lese- og skriveopplæring på Imsland skule

Sjå korleis lese- og skriveopplæringa føregår på Imsland skule: KLIKK HER Dette er ein metode som vekkjer oppsikt rundt om i skulemiljøa. Og det ser jo utruleg bra og kjekt ut! Tomlane opp for lærarane på Imsland skule  

Til lag og organisasjonar i Imsland

Til lag og organisasjoner i Imsland: Velkommen frå din forening til orienteringsmøte Me ynskjer å gjere Vindafjord til ein bedre plass å bu.Då treng me DEG med på lag!Infomøte på ungdomsklubben Public, Ølen, torsdag 16/1-14 kl 19. Helsing Vindafjord frivilligsentral og Folkehelseinspiratorv/ Elisabeth Nesheim E-post: Elisabeth.Nesheim@vindafjord.kommune.no  

Imsland utan bank

Sidan 6. januar 1917 har me hatt bank i Imsland.  Då starta ein opp Imsland Sognekommunes Sparebank i eit kammers i bedehuset ved Imslandsjøen. Huset har det bibelske namnet Zoar, eit namn som etter kvart har gått i gløymeboka.  Før ein starta opp, hadde banken pussa opp lokalet med papp på veggene, måling og dobbelt …

Fjerning av mur på kyrkjegarden.

Soknerådet har lenge hatt lyst til å fjerna den stygge muren som gjekk frå porten og opp til bårehuset. Vi har aldri fått midler til dette prosjektet, og bestemte oss for å prøva å få det gjort på dugnad. Og nå har Hans Ilstad og Edvin Marvik trødd til og fjerna muren for oss.  Heile …

Julerestebord på Allehånde

Istadenfor å kaste det som blir til overs etter jul, vert du no invitert til julerestebord av Allehånde. Dette blir ein hyggeleg kveld i koseleg vinterstemning. Ta med deg kjeks, gløgg eller noko anna du har til overs. Oppmøte her hjå oss på Rørtveit tysdag 7.januar 2014 kl. 19.30. påmelding til Dagmar, tlf 94248462   Ønskjer alle …

Sal av Jubileumsboka for KR 100,-

Soknerådet legg ut restopplaget av jubileumsboka til sal til rimeleg pris.  Kanskje passande julegåve til vaksne born, tanter eller onklar eller andre med tilknytning til bygda. Finst på lokale butikkar, bank og bokhandlar.Treng du meir enn ei bok, kan du få eit ennå betre tilbod ved å ta kontakt med underteikna på telefon 917 53 …

Vintervakker gjenbruk

Me har 18.12.13 siste kreativkveld «Vintervakker gjenbruk» kl. 20 her hjå oss på Rørtveit. Denne kvelden lagar me kreative & fine lysestakar. Dei kan du ikkje berre bruke til jul – men er fine heile året.  Eg serverer heimelaga toddy og juletapas. Julestemning er inkludert – surprise-surprise Har du lyst å vera med? Påmelding innan …