Ølmedal Rundt

Ølmedal Rundt

Det går ei trim- og treningsbølge over bygdene våre, ja faktisk over heile landet blir det sagt. Det synest som om stadig fleire får augene opp for kor viktig trim og trening er for folkehelsa.😊. Kvar veke les me om rekorddeltakelse i løp etter løp, seinast nå i dag, der Siddisløpet i Stavanger hadde over 1000 deltakarar, og Bergen totalt ca 15.000 deltakarar på alle nivå. Lokalt ser me mange som er ute og går og spring kvar einaste dag.

Me i Ølmedalgjengen håpar at me får sjå mange av dei som me nå

om dagen ser springande langs veiene og i skog og mark på Ølmedal rundt 9. juni. Me kan garantere ein kjekke dag med flotte gjester og god mat og drikke. Enten du går rundt vatnet eller vil springa med dei aktive er du like velkommen. Og me har også plass til mange på barneløpet som startar like før hovedløpet kl 14. Vil du spasere rundt vatnet, kan du starta alt i 11-tida. Då kjem du tilbake før hovedløpet og barneløpet startar og kan vera i målområdet når innspurten foregår, og også vera med på flott premieutdeling kl 15.

Og som vanlig leier Skeiseiden oss gjennom heile dagen.

Påmeldinga via Eq timing blir klar straks over helga. Meld helst på der, men det er også mulig å melda seg på arangørdagen.

Me har bestilt masse startnummer 🏃🏻🏃🏻🏃🏻. Og fint vêr er bestilt😎

Skrive av Lars Olav Larsen.