Fevassnuten

Fevassnuten

Flott utsikt frå toppen mot Ulvanåsi og Folgefonna. Foto: Bente Kjos-Wenjum

Tilkomst og parkering
Ta av frå Saudavegen i Ølmedal og følg Ølmedalsvegen ca. 3 km. Ta inn på Ilstveitvegen og køyr om lag 200 m før du tar til høgre før eit postkassestativ. Køyr til øvre del av tunet på Ilstveitvegen 25. Her kan du parkera eller fortsetja på skogsvegen opp til parkeringsplassen nedanfor Brattaland. Skogs-vegen er bratt og svingete, så her er det best å ha bil med firhjulstrekk og god bakkeklaring. Infotavle står ved parkeringsplassen (Brattaland). NB! Bompengar på skogsvegen – 30 kr, kontant eller Vipps.

Brattaland – utsikt mot Ølmedal. Foto: Bodhild Imsland

Om turen
Rett før tunet på Brattaland tar du til høgre og følgjer merka sti mot Breiaskar. Etter 1,3 km deler stien seg. Gå rett fram mot Øyevatnet, der stien går på sørsida av vatnet og så svingar til høgre mot Fevatnet og Fevassnuten. Om du vil gå ein rundtur, fortset du på framsida av nuten og går via Brattalandsnuten og tilbake til Breiaskar. 

Storslagen utsikt på toppen, der du ser Folgefonna, Ulvanosa, Hustveitsåta m.m

Velfortent kvil etter at den brattaste bakken er unnagjort. Foto: Bente Kjos-Wenjum

Avstand:
Rundtur frå øvste parkeringsplass: 6,5 km
Rundtur frå gardstunet på Ilstveitvegen 25: 8,2 km 

Tidsbruk:
Ca. 3,5 timar rundtur