Joggegruppa Løpeglede i Imsland starta opp i oktober 2023, og er eit tilbod til alle som har lyst å trene ilag med andre. Me trenar kvar tysdag, frå kl 19.00 – ca kl 19.50. Det einaste du treng er eit par joggesko, ei hodelykt og lyst til å oppleve løpeglede. Me vekslar mellom roleg jogging og tilpassa intervalløkter. Du treng ikkje vere i god form for å bli med, me tilpassar treningen slik at alle kan delta.
Ta kontakt med Gro Anita Imsland, mob 970 37 144, eller Bente Kjos-Wenjum, mob 472 31 735, dersom du har lyst å bli med eller lurer på noko.