Ølmedal Rundt

Ølmedal Rundt-arrangementet starta i det små i 1984 med ca 50 deltakarar, og hadde eit toppår i 2004 med over 1200 deltakarar. Dei seinare åra har løpet samla ca 500 – 600 deltakarar. 

Mange kjendisar har vitja Ølmedal gjennom åra, bl.a. Ole Einar Bjørndalen, Petter Northug, Sjur Røthe, Anders Aukland og Liv Grethe Skjelbreid

Løypa rundt Ølmedalsvatnet er ca 7 km, går på asfaltert veg i lett kupert terreng. Traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar, rullestolbrukarar og barnevogner.

Barneløypa går i ein eigen trase i nærleiken av bygdahuset, og er ca 400 meter lang. Som vanlig startar barneløpet rett etter aktiv klasse, og dei yngste løparane blir heia fram av publikum som står tett ved startområdet. 

Vindafjord Idrettslag og Imsland Bygdahus samarbeider om arrangementet, og ønskjer velkommen til folkefest med mosjonistklasse, aktiv klasse og barneløp, i tillegg til stort matsalg med grillmat, sveler og eit fantastisk kakerbord ved Imsland bygdahus.


FAKTA:
Løpet vert arrangert andre pinsedag.
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Drikkestasjon etter ca 4 km.
Barneløp, trimklasse/familieklasse og aldersbestemte konkurranseklasser.
Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassane, dvs aldersbestemte klassar i tillegg til dame- og herreklassen.
Tilgang til dusj og garderobe for løparane.
Meir informasjon om løpet finn du på Ølmedal Rundt si Facebookgruppe.


Kontaktinformasjon:
Lars Olav Larsen
Mob: 97650640
E-post: lars.olav.larsen@haugesund-sparebank.no