Soknerådet

Har du gløymt pengar når du går i kyrkja, men vil gjerne støtte saka som takkofferet går til, er det berre å ta fram mobiltelefonen. Vippsnr er 111184.

Her finn du all informasjonen du treng om gudstenester og andre arrangement i regi av kyrkja. Me har også nyttige artiklar om alt du kunne lura på: www.vindafjord.kyrkjer.no

Soknerådet:

Soknerådet skal ha sin merksemd på alt som kan gjerast for å vekka det kristelege liv i soknet, særleg at Guds ord blir forkynt, også for sjuke og døyande, og trusopplæring for barn og ungdom

Styret består av:

Marita Kvitno Staurland, Jolaug Sæle Kaldheim, Marit Øverland Ilstad, Bodil Imsland, Lars Bernhard Skipevåg.

  1. vara: Gro Anita Aartun Imsland
  2. vara: Ole Johan Staurland
  3. vara: Edvin Marvik

 Sokneprest: Eli Kolstad


Gåver til kyrkjejubilet

I samband med kyrkjejubileet vart det sendt ut brev til  alle husstandar i bygda og til lokale bedrifter  og lag med spørsmål om å gi penger til kykjejubileet. I alt kom det her inn kr  130.650,-

Frå  25  private gjevarar kom der inn i alt kr 39.150,-.

Frå laga i bygda fekk me støtte frå:

Imsland bondelag med kr. 40.000,-
Imsland bygdkvinnelag med kr 10.000,-
Imsland bygdeliste med kr 9.000,-
Vindetreet med kr 5.000,-

Desse bedriftene støtta oss med gåver:

Halleraker Rør
Ide totaltrykk, Ølen
Spareland Sauda
Ølen Bok og Papir
SR-bank
Haugesund Sparebank
Imsland Handelslag

Me vil takka alle for gåvene som sette oss i stand til å gi ut jubileumsbok og gjennomføra jubileet på ein fin og verdig måte.


Soknerådet takkar for hjelpa

Soknerådet takkar for all hjelp og støtte frå bygdefolket under jubileumsfeiringa 24. og 25. september. Me har lyst til å nemna dei gode hjelparane med navn, og vonar at ingen er gløymde:

Judit Rønnevik                Torunn Imsland
Margunn Rønnevik           Turid Rønnevik
Linda Nordtveit                Reidun Nordtveit
Anita Øvregård                Hege Birkeland
Bodil Imsland                  Liv Irene Eimstad
Marit Svandal                  Kjellaug Hauge
Ingunn Lise Espevoll         Sigfrid Liv Ilstad
Margrethe Staurland        Anne Karin Hustveit
Liv Imsland                     Åse Haugland
Helene Krokedal              Astrid Staurland
Torhild Aksland                Bodhild Hustveit
Borgny Hustoft                Liv Hoff Imsland
Olaug Imsland                kokke Gudrun Kerry Svantesvold.

Imsland sokneråd


Nytt kjøleaggregat i bårehuset ved kyrkja.

Det er nå  installert nytt kjøleaggregat i bårehuset ved kyrkja vår.

Det nye aggregatet er sett på innervegg, inn mot vaskerommet. Det er ikkje sett opp brytar, slik at ein må starta aggregatet ved å setja i stikk-kontakten i vaskerommet.

Når kjøleaggregatet går, må vindaugo i vaskerommet stå opne, for å bli kvitt varmen.

Det gamle anlegget er førebels ikkje tatt bort.

Det har ikkje vore råd å få kyrkjeleg fellesråd til å kosta nytt kjøleaggregat. Soknerådet har difor  anskaffa dette med soknet sine eigne midler.

Soknerådet


Ny gudstenesteforordning

Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsama
biskopen sitt forslag til ny gudstenestefororning. Dvs forslag til kor mange
gudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.
Ein har sikkert sett at dette har vore framme i media dei siste dagane, då
det jamt over er ein reduksjon i antal gudstenester, somme stader ein stor
reduksjon.
Reduksjonen hos oss er ikkje så stor. Soknerådet vil likevel saman med
Vikedal og Sandeid foreslå ein auke i antall gudstenester i forhold til
forslaget.

I soknemøtet den 24. okt. kan ein koma med andre framlegg, og ein vil røysta
over dei ulike framlegga.

Soknerådet