Dette er ei felles nettside for bygda Imsland. Grendautvalet eig nettløysingen, men nettsida kan brukast utan kostnad av alle lag og organisasjonar i bygda. Her ligg informasjon om styret og aktiviteten til dei ulike laga. I tillegg håpar me at me klarer å fange opp den aktiviteten som føregår i bygda til eikvar tid, slik at imsland.info vert den gode informasjonskanalen me ynskjer den skal vera.
Med denne sida ønskjer me å :
* Profilere Imsland på ein positiv måte som gjer det interessant å bu, arbeide og
feriere her.
* Vise oversikt over aktivitetar: vera vår moderne tids ”oppslagstavle”.
* Leggje ut store og små nyhende frå bygda og nærmiljøet.
* Informere om laga sine oppgåver og aktivitetar.
Nettstaden kan innehalde oversikt over ledige tomter, kva skjer på skulen, informasjon om næringslivet, lokalhistorie, reportasjar frå 4H, bruktmarknad, pensjonisttur, klipp frå barnehagen, kven vil ha avløysarjobb osv osv osv.
Nettsida vart etablert i 2009, og har blitt fornya med ny nettløysing i 2024.
Drift av sida:
Foreløpig vert nettstaden drifta av Silje Skipevåg, Lars B Skipevåg og Bente Kjos-Wenjum. Send oss tips, stoff, bilete, informasjon, – ja – kva som helst som kan vera aktuelt å publisera.
Me vil gjerne ha med oss fleire i redaksjonen! Systemet er enkelt å bruka, og du vil få opplæring. Er du van med å bruke pc så lærer du dette fort.