Imsland bygdebok
Me gleder oss over at imslandsoga nå er klar for lansering. Imsland bygdebok er
ei busetnadssoge og handlar om folket som har budd i Imsland, heilt frå gamal tid og
fram til notida.
Boka er laga på oppdrag frå Vindafjord kommune.
Boklansering: Onsdag 20. mai kl. 18.00 på Imsland bygdahus. Velkomen!
Boka kostar 750 kroner ved førehandstinging, og boka blir levert ut på
lanseringsdagen.
Dersom du ikkje kan vera med på lanseringsdagen, kan du også henta boka på
bygdahuset under Ølmedal Rundt-løpet, eller få andre til å henta ho for deg. Boka
kan også sendast i posten og då betaler du kr. 150 i tillegg for frakt.
VIKTIG! Når du kjøper bygdeboka på denne måten, støttar du samstundes Imsland
bygdekvinnelag, Imsland bygdehus og
Imsland grendautval med til saman 150 kroner per bok.
Utan førehandstinging kostar boka kr. 900,- og kan også kjøpast lanseringsdagen og
under Ølmedal rundt. Seinare kan ein kjøpa boka på Servictorget i kommunen og hos
lokale bokhandlar.
Førehandstinging slik:
E-postadresse til: bygdebok@imsland.info
E-posten skal innehalda: Namn, adresse, telefon og tal på kor mange bygdebøker
du/ de kjøper. Hugs adresse og telefon dersom boka skal sendast.
Bankkonto: 3240 19 26118 (Imsland bygdekvinnelag) Merk med tal og namn
eller
Vipps til: 505980, merk: Bygdebok, tal, namn.