Sommer kick-off i Imsland

Sommer kick-off i Imsland

Fredag 26.juni er det VM-kamp, og Norge skal spele mot Frankrike. Matkroken Imsland har i samarbeid med Imsland bygdahus fått til eit opplegg med uteservering og «før kampen-aktiviteter» på Berget Kafé frå kl 12:00 denne dagen. Så blir alle gjestene køyrde til bygdahuset i minibussar frå kl 20:00, og kampen vert vist på storskjerm.
Arrangementet er for alle, men me gjer merksam på at det er alkoholservering begge stader denne dagen/kvelden. Heia Norge!!!!

🇳🇴