Politikk – Etterbruk Imsland skule

Politikk – Etterbruk Imsland skule

Saka om etterbruk av Imsland skule og barnehage etter nedlegginga, skal handsamast i formannskapet 16. september og i kommunestyret 30. september.

Saksdokumenta kan lesast her!

Grendautvalet med leiar Arne Svandal og Bygdahus-styret med leiar Anette Haraldseid i spissen har lagt ned mykje arbeid og møtetid på denne saka.

Det har vore gjennomført tre møter med kommuneleiinga for å diskutere og legge fram bygda og Bygdahuset sine syn. Hovedpunkta har vore:

  • sikre framtidig og føreseieleg drift av Bygdahuset
  • få arbeida fram ein god plan for utforming og framtidig bruk av bygdahus- og skuleområdet der bygda får høve til å gi innspel i prosessen
  • sikre at Imsland også i framtida har ein trygg og attraktiv leikeplass
  • sikre at skulebygg og -område ikkje blir ståande til nedfalls
  • og dette utan at bygda blir pålagt dugnadsarbeid for å kompensere for redusert kommunal oppfølging.

Dialogen og møta med kommuneleiinga har vore gode, men det er likevel eit stykke mellom det som er kommunedirektøren sitt forslag til vedtak, og det som Grendautvalet og Bygdahus-styret har prøvd å få gehør for. Difor møtte representantar frå begge lag på politisk gruppemøte førre veke for å legge fram sine synspunkt i forkant av den politiske handsaminga.

Det blir spanande å følgje med på saka dei neste dagane. Nå set me vår lit til at politikarane fortsatt arbeider for ni levande bygder, og at me blir gitt høve til å bruke noko tid på å finne ut korleis bygda ønskjer å utvikle dette området vidare.