Handlebuss og gubbetreff
Hjå Matkroken Imsland kan du bestille handlebuss kvar fredag. Jarle Kvaløy hentar passasjerane heime, køyrer dei til butikken der dei kan handle og drikke kaffi, før han køyrer deg heim igjen og hjelper deg i hus med varene. Eit kjempegodt tilbud fleire kan benytte seg av!
Du må bestille skyss før klokka 14.00 dagen før hjå Matkroken Imsland, tlf 996 47 226/e-post jarle.kvaloy@coop.no.
Gubbatreffet har og starta opp igjen etter sommareferien. Alle gubbar er velkomne til mat og prat, oppe på kafeen over butikken kvar måndag, i halv elleve tida.
Her vert det servert brødmat, pålegg, kaffi og litt søtt attåt.
Pris kr 75,- pr pers. Framleis ein fin pris for «et så mykje lunsj du klarer».