
Folkemøte 27.mars kl 1930
Lag og organisasjonar i Imsland inviterar til folkemøte på Imsland Bygdahus 27.mars kl. 1930. Tema er Imsland si framtid.
Følgjande saker vert drøfta:
Sak 1 Alle lag og organisasjoner har eit innlegg, der dei tenker situasjonen sin inn i
framtida.
Sak 2 Diskusjon rundt borda
Kvart lag/forening lagar eit spørsmål kvar
Sak 3 Innspel til Vindafjord kommune sin arealplan
Sak 4 Andre spørsmål som bør diskuterast på folkemøte:
1. Kva er me gode på i bygden og kva kan me frå før?
2. Kva vil me bruke bygdahuset til?
3. Korleis kan me berge økonomien til bygdahuset etter 2025?
4. Kan me bli betre på dugnad?
5. Kan samarbeidet mellom Vikedal og Imsland bli betre?
6. Kan samarbeidet mellom laga i Imsland bli betre?
7. Skuleplassen, leikeplassen, skulebygget – kva ynskjer me?
8. Kva tenker me rundt arealplanen, kva bør inn i arealplanen? Høyringsfrist 22.
april.
9. Kommunen har satt av 10 mill til eit prosjekt for å få eldreboligar til bygdene, skal Imsland engasjera seg i dette?
Ordet er fritt og alle er velkomne. Det vert kaffi og noko å bite i.
Håpar så mange som mogleg tek turen, og at oppmøtet viser eit stort engasjement for bygda.
Helsing
Lag og organisasjonar i Imsland