Sprettball
Tidleg i februar kjem boka «Sprettball» på marknaden, både som e-bok og som innbunde bok. Boka er skrive av forteljartalentet Kamilla Staurland frå Kvaløy.
Staurland syns det er både stas og skummelt å skulle gi ut bok og ho håper at folk liker handlinga og føler at den er truverdig. Den 187 sider lange boka er klassifisert som roman for barn og språket i boka er nynorsk. Boka blir gjeve ut av Cappelen Damm, Noregs største forlag.
Cappelen Damm har utarbeida ei førehandsomtale av boka, denne er sitert under og henta frå nettsida deira:
«Lotte synest det er kjedeleg å sitje stille. Ho er 11 år og bur på øya Gruveland saman med mamma. Annakvar helg tek ho ferja til Stavanger for å vere hos pappa. Storebror Nils har flytta for seg sjølv og kjem sjeldan på besøk. Lotte vil helst at ting skal bli som før, men så oppdagar ho at pappa snakkar med Margrete frå jobb på ein app på telefonen.
Ei bok om vennskap, familie og ferjeturar mellom to heimar. Og om Romeo og Julie»