BYGDEKAFE PÅ IMSLAND BYGDEHUS

BYGDEKAFE PÅ IMSLAND BYGDEHUS

Søndag 9.2.2025, på sjølvaste Morsdagen, steller Bygdekvinnelaget til kafe på Bygdahuset.

Der kjem me til å servera røkt svinkam med tilbehør (eller karbonader om du heller likar det), dessert, kaker og kaffi.

I kjølvatnet av suksessen med Vikingdagen sist haust, lagar me og til vikingaktivitetar på scenen: Det blir vikingtelt, vikingperling, vikingklær å kle seg ut med, teikning og spel.

Ta turen til Bygdahuset, me opnar dørene klokka 13 og reknar med å stenge i firetida.

Helsing frå oss i Bygdekvinnelaget