Ny nettside!

Ny nettside!

Imsland.info er rusta opp og blitt ny og moderne. Nettsida vart etablert i 2009, og mykje har skjedd på den digitale fronten etter den tid.

Hetland Media har laga den nye nettløysinga, og flytta alt innhald over til ny plattform. Den nye nettsida er laga i WordPress, og det er no enklare å oppdatere nettsida med tekst og bilder.

Treng Imsland nettside?
Imsland grendautval er eigar av nettsida, og det har vore diskutert om nettsida skulle avviklast eller ikkje. Argument for å behalda nettsida er:
* Nettsida er vår, og me har råderett over kva innhald som skal liggje der, og korleis det skal framstillast.
* Her kan du finne informasjon som gjeld organisasjonar og lag i Imsland, kven som sit i ulike styre, kva det kostar å bruke trimrommet, om du kan leige bygdahuset osv.  Innhaldet forsvinn ikkje i ein uoversikteleg feed.
* Du kan lese artiklar, både nye og gamle, og søke i arkivet. Du kan for eksempel lese om den gongen eldsjeler bygde lavoen: Lavoen er snart klar , intervjua elevane på Imsland skule gjorde i prosjektet Saman for bygda eller kven som vart Årets spåmann i 2010: Kva skjedde i Imsland i 2010?
* Nettsida kan fungere som digital oppslagstavle, der me kan fronte ting som skjer i bygda og gjere oss meir synlege.

Redaksjonen sitt syn er at Imsland best kan spre informasjon ved å ha ei oppdatert nettside, og kombinere dette med å dele artiklar o.l. på ulike sosiale medier.  

På motsatt side har argumenta for avvikling vore at nettsida blir for lite brukt og at andre sosiale medier er enklare å oppdatere, og at ein effektivt kan spre informasjon via for eksempel facebook.

Næringslivet annonserer på nettsida, noko som dekker kostnadene ved å etablere og oppretthalde nettsida, i tillegg til at det blir igjen eit årleg overskot som går til Grendautvalet.

Overlevering og opplæring i bruk av ny nettside. Frå venstre Lasse Skipevåg, Edvin Marvik, Silje Skipevåg, Terje Ersland og Morten Hetland. Foto: Bente KJos-Wenjum

Morten Hetland i Hetland Media har vore i Imsland og overlevert den nye nettsida, samt gitt opplæring til webredaktørane. Lars Skipavåg og Bente Kjos-Wenjum har drifta sida sidan 2009, og er glade for at Silje Skipevåg no blir med på laget. Terje Ersland deltok og på opplæringa, og vil saman med Ølmedal Rundt-gjengen vurdere om dei kan ha ein eigen Ølmedal Rundt-meny.
Me vil svært gjerne ha med oss fleire som kan bidra til at nettsida vert aktuelt og levande, og høyrer gjerne frå deg viss du vil vita meir om kva det inneber😊