Ølmedal Rundt for 35.gong
Me er glade for å kunne ønskja velkommen til Ølmedal Rundt i full skala! Etter to magre korona-arrangement er me i år tilbake i tradisjonelle former og legg opp til folkefest på Imsland bygdahus med mosjonistklasse, aktiv klasse og barneløp, i tillegg til stort matsalg, drøs og god stemning.
Løypa er på ca 7 km, og går rundt Ølmedalsvatnet, på asfaltert veg i kupert terreng. Traseen er godt egna både for løparar, mosjonistar, rullestolbrukarar og barnevogner.
Ølmedal Rundt har tradisjon heilt tilbake frå 1984, og kan dette året dele ut premiar for 35. års deltaking.
Vindafjord Idrettslag og Imsland Bygdahus håpar mange finn vegen til Ølmedal 2. pinsedag, og kan lova eit tradisjonelt og flott arrangement ved bygdahuset og rundt det vakre Ølmedalsvatnet.
Løpet vert arrangert andre pinsedag, 6.juni 2022.
Deltakarar i barneløpet melder seg på ved bygdahuset på løpsdagen. Vi kan hjelpa til med manuell påmelding også for tur-trim klassen på løpsdagen.
FAKTA om løpet:
Løpet vert arrangert andre pinsedag, 06.juni 2022.
Start og mål ved Bygdahuset i Ølmedal, Imsland i Vindafjord kommune.
Løypa går rundt Ølmedalsvatnet, ca 7 km i lett kupert terreng.
Matsalg inne og ute, grillmat, kaker, svele og kaffi.
Drikkestasjon etter ca 4 km, kiosksal ved Ølmedal camping.
Barneløp, trimklasse/familieklasse og aldersbestemte konkurranseklasser.
Medalje til alle i barneløpet. Premiar til dei tre beste i konkurranseklassane, dvs aldersbestemte klassar i tillegg til dame- og herreklassen.
Tilgang til dusj og garderobe for løparane.
Start tur- trim – familieklasse frå kl 11.00.
Start aktiv klasse kl 14.00.
Start barneløp kl 14.05.
Meir informasjon om løpet finn du på Ølmedal Rundt si Facebookgruppe.
Påmelding via Eqtiming.no