Salen skal få nye lys og nytt golv, og tak og vegger skal malast.Marit var i Haugesund på fredag og mottok kr. 25.000,- frå Haugesund Sparebank til nytt golv. Bilde og meir info finn du på banken si heimeside.{gallery}bygdahuset14{/gallery}
Barneløp 99 stk.Damer 71 stk.Menn 121 stk.Tur 521 stk.————————————Totalt 812 stk. RESULTATLISTE 2014 {gallery}rundt2014{/gallery}
Lars Olav Larsen og staben i Ølmedal Rundt-komiteen har nok ein gong lagt bak seg eit flott arrangement. Det vart ein folkefest – med omlag 1000 gjester som var innom arenaen. Totalt var det 520 som registrerte seg i mosjonsklassen, medan 71 damer og 121 menn deltok i aktiv klasse. Barneløpet sette ny deltakarrekord, med …
Saman med foreldre og konfirmantar frå dei forrige konfirmantkulla, arrangerte soknerådet fest for konfirmantane på Bygdahuset etter samtalegudstenesta 7. mai. Her er nokre bilete frå festen.{gallery}konfirmantfest{/gallery}
I fjor vår var elevane ved Imsland skule med på ein internasjonal konkurranse som heitte «Pappa’n i de mange land».Oppgåva var å teikna og skriva om kva som kjenneteiknar ein god pappa, og gjerne få med kva dei sjølv likar å gjera saman med sin eigen pappa.Bidraga frå Imsland skule vart sende til det internasjonale …
Lasse og Bente har drifta imsland.info sidan opninga i 2009. Me var innom på sist møte i grendautvalet for å drøfta nettsida (grendautvalet er eigar av nettsida), og dei overraska oss med flotte blomar som takk for innsatsen så langt, noko me sjølvsagt syntest var svært kjekt!
Sjå korleis lese- og skriveopplæringa føregår på Imsland skule: KLIKK HER Dette er ein metode som vekkjer oppsikt rundt om i skulemiljøa. Og det ser jo utruleg bra og kjekt ut! Tomlane opp for lærarane på Imsland skule
Til lag og organisasjoner i Imsland: Velkommen frå din forening til orienteringsmøte Me ynskjer å gjere Vindafjord til ein bedre plass å bu.Då treng me DEG med på lag!Infomøte på ungdomsklubben Public, Ølen, torsdag 16/1-14 kl 19. Helsing Vindafjord frivilligsentral og Folkehelseinspiratorv/ Elisabeth Nesheim E-post: Elisabeth.Nesheim@vindafjord.kommune.no
Sidan 6. januar 1917 har me hatt bank i Imsland. Då starta ein opp Imsland Sognekommunes Sparebank i eit kammers i bedehuset ved Imslandsjøen. Huset har det bibelske namnet Zoar, eit namn som etter kvart har gått i gløymeboka. Før ein starta opp, hadde banken pussa opp lokalet med papp på veggene, måling og dobbelt …