Ny Skjøljabru.

Ny Skjøljabru.

Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.
Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den «nye» vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet.

Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m brei og ca 25m lang kulvert, over denne blir det steinfylling/muring med ei total lengde på vel 40m. I samband med dette arbeidet skal det sprengjast ut ca 8000m3 fjellmasse på vestsida av brua. Dette gjere at vegen vert mykje betre der den har vore både smal og bratt.  Arbeidet skal vere ferdig i desember.