Imsland Open Frisbeegolf
17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype
Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 «proffe» spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.
Her er Turid ved post 11 «Litle Preikestolen». Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.