Sprekingar samla i Imsland

Sprekingar samla i Imsland

I dag vart «Ølmedal rundt» arrangert for 31. gong. Vindafjord IL, med Lars Olav Larsen i spissen, står bak arrangementet, og som vanleg gjekk alt knirkefritt og i eit flott sommarvær.

Det var omlag 1100 deltakarar totalt, og folk kosa seg ved bygdahuset, og handla på grillmat, rømmegraut, kaffi og kaker medan drøsen gjekk friskt.

Nytt av året var barneløp for ungar under 12 år. Løpet samla 100 deltakarar, som alle vart premierte med flotte medaljar.

På biletet til venstre her ser me to av deltakarane som nyleg har motteke medalje frå Petter Northug. Dei to spreke jentene heiter Norma Kristine Imsland og Elena Langeland.