Gøy på landet!
I morgon kjem ei busslast med bydamer til Vikedal for å treffa lokale ungkarar. To av ungkarane er frå Vikedal, og den tredje er Imslandsbu.
«Gøy på landet» vert arrangert av TV Norge, Monster Entertainment og Vikedal Utvikling. TV-serien skal sendast til hausten.
I morgon, fredag 27.mai klokka 09.30, kjem bussen med bydamene og stoppar ved kommunehuset. Då startar filminga og ungkarane får møta damene for første gong.
Alle er velkomne til å delta – og Vikedal Utvikling oppfordar bygdefolk til å møta opp og laga skikkeleg folkeliv i bygda. Programmet for dagane filmteamet er i området finn du her: http://www.vikedal.no/wp/
Imsland.info ynskjer ungkarane lukke til – og spesielt vår eigen lokale helt!
PS1: Redaksjonen er interesserte i bilete frå hendinga: e-post: bente@norsk-plan.no
PS2: Det er framleis hemmeleg kven deltakarne er, men eit stalltips er at ungkaren frå Imsland har denne utsikta frå stoveglaset sitt: