Leif Egil Olsen blei Norsk brunstbrølemeister 2010
I samband med Hjortapuben på Bygdahuset i går 16. oktober, arrangerte Hjortefestivalen norsk meisterskap i brunstbrøl. Det kom mykje folk, til og med TV-team frå Sebyen. Sjå innslaget HER
Det blei Imslandsbuen Leif Egil Olsen som klarte å å framføra brunstbrølet sitt på ein så framifrå måte at dommarane kåra det til best i landet…
Ifølgje dommarane skulle han eigentleg ha vore ein spissbukk, men han høyrdest meir ut som ein tolvtaggar!!
Omlag 150 personar frå ulike bygdar var innom puben, og Geir og Andre spelte god musikk som alle såg ut til å vera fornøgde med.
Imsland Bygdahus var svært fornøgde med denne trivelege kvelden!